herlig.net
- ein blog om alt og ingenting. Mest ingenting.
herlig.net-arkivet: 'Tankar'
Hjernevask: Norsk samfunnsforskning.
Posta den 19.04.10, kl. 22:47
Dei siste vekene har serien Hjernevask gått på NRK. I denne serien har Harald Eia – morsomt nok – prøvd å ta for seg samfunnsforskning i forhold til biologisk forskning, og han har gjort det overraskande bra i mine auge. Kven skulle tru at ein komikar skulle klare å irritere på seg heile forsknings-Noreg?
Folk flest og sjølvkritsk sans
Posta den 13.12.09, kl. 20:43
Eg har eit problem. Eit problem med folk flest, og folk flest sin (fråverande) måte å vere kritisk til seg sjølv, sitt og sine. Kor har det blitt av indre ære over det du er og gjer? Kor har det blitt av det å vere halvfornuftig, og det å tenke seg om litt meir enn aldri før du gjer noko som er litt utanom det vanlige?
Nettsider som verkeleg imponerar
Posta den 21.04.09, kl. 20:58
Internett slik det er i dag er stappfullt av nettsider som ser bra ut, har bra innhold og som er gode i bruk. Sjølvsagt er det dei som er i den andre enden av skalaen, men heldigvis er antallet på slike synkande. Her i dette innlegget vil eg ta for meg eit par sider eg rett og slett blir imponert av.
Framtidsplanar
Posta den 13.03.06, kl. 23:48
Ja, då har eg fått meg studieplass på NITH i Bergen, og håpar sjølvsagt å kunne byrje der til hausten. Det einaste som kan – og sannsynligvis vil – hindre meg er militærteneste.
Desperat valgtaktikk?
Posta den 09.09.05, kl. 23:20
I desse valgdagar vil jo sjølvsagt alle parti at alle skal stemme på dei – slik har det alltid vert, og slik vil det alltid vere. Dei brukar alle mulige metodar for å overbevise folket om at dei er best – slik har det alltid vert, og slik vil det alltid vere. Men denne gongen gikk vårt kjære sosialistiske venstreparti for langt.
Kvifor bloggar eg, eigentleg?
Posta den 16.06.05, kl. 23:51
Eg kom til å tenke på dette her ein dag – kvifor bloggar eg eigentleg? Og kvifor bloggar alle andre? Kvifor bloggar vi? Kvar kom tanken frå?
Folkefiende: «Satanrock»
Posta den 09.06.05, kl. 02:34
Dei blir sett ned på av allmenheita, dei blir kritisert i media og dei blir hata av «foreldregenerasjonen». Dei lagar støy, dei kler seg i svart og er satanistar. Dei brenn ned kyrkjer og hatar alt og alle. «Satanrockarane».
Ein gjennomsnittleg kunde
Posta den 16.01.05, kl. 15:25
Den gjennomsnittlege kunde er ein idiot, ein knøl av dimensjonar, ein kortenkt og irriterande fjert – og til tider eit stort irritasjonsmoment. Når ting kan gjerast fryktelig vanskelig og dumt, kvifor gjere det enkelt?
Reklame på Internet
Posta den 30.12.04, kl. 15:55
Reklame på nett er plagsomt, det trur eg vi alle er ganske enige i. Dette gjeld riktignok ikkje all reklame, men ein stor majoritet av den. Kva med at dei som lagar denne reklamen tar til seg og forstår kor plagsomme dei er?