herlig.net

- ein blog om alt og ingenting. Mest ingenting.

 

herlig.net-arkivet: 'Militæret'

Aller siste permisjon

Posta den 25.05.07, kl. 20:12

Då er tida inne for min, og resten av kompaniet mitt, sin aller siste permisjon frå helvetet i Nord-Noreg. 11. juli er fastsatt dimmedato, altså ganske nøyaktig 47 dagar frå skrivande stund. Forhåpentligvis går tida superfort, slik at eg kan komme meg heim og bli sivil att.

Øvelse Vintermauk

Posta den 10.02.07, kl. 17:47

Så var årets vinterøvelse over. Vi har gått eit stykke på ski, bert tunge sekkar, sove i telt og ete feltrasjonar ei stund no. Først fem dagar på ski som ein infanteriøvelse, og så fem dagar med køyretøy i vanlig stil.

På’an igjen

Posta den 23.01.07, kl. 21:46

Så var det på’an igjen etter jul då. Eg har no vore her i heile to veker sidan den vidunderlige ferien var over, og komt meg tilbake til dei …kjære(?) militære rutinane mine. Det har dog komt eit par små forandringar sida før jul som gjer tilværelsen litt annerledes.

Øyeblikksstatus

Posta den 09.12.06, kl. 20:42

Julepynten har begynt å sprette opp rundt om kring, den store dagen nermar seg raskt. Det har skjedd litt sida sist eg skreiv her, så eg tenkte ei lita oppdatering er på sin plass.

M113-kurs

Posta den 12.11.06, kl. 13:38

Kursinga i Støttekompaniet i 2. bataljon har no komt i gang for fullt, og eg er ikkje noko unntak. Som vognkommandør på ei M113-vogn skal eg då ta M113-lappen, logisk nok. Og kurset er gøy, det. Eg er no halvvegs i kurset, og har hittil drive mest med teori. Køyretrening blir det nok av i veka som kjem.

Øvelse Kamp

Posta den 25.09.06, kl. 18:56

Så var det på tide for nok ein øvelse for støttekompaniet i 2. bataljon, då. Forrige øvelse var ei lett innføring i korleis det er å leve i felt, sitte fyringsvakt og det å sette opp eit telt og få til ein leir som fungerar. Denne gongen tok vi det heile om lag ti steg vidare. Den forige øvelsen var liksom ikkje fysisk hard, for å seie det på den måten.

Første permisjon!

Posta den 10.09.06, kl. 22:01

Då var min første periode på Skjold leir i Troms over. Om lag halve rekruttperioden er no over - og ja, det er slitsomt. Faktisk nesten litt for slitsomt til tider. Det gjeld å halde tidsfrister, aldri miste AG-3en i bakken, samt ta i det du klarar uansett kva samanheng du er i.

Førstegangsteneste: 2.bn

Posta den 13.08.06, kl. 18:32

No er tida inne for å tene landet litt. Eg skal vere del av 2. bataljon i den norske hæren, og ser igrunn fram til det. Eg har tidligare hatt litt blanda følelsar angåande innkallinga - men eg må innrømme at eg har retta opp på det. Eg gledar meg faktisk ein heil del til eit år der oppe.