herlig.net
- ein blog om alt og ingenting. Mest ingenting.
herlig.net-arkivet: 'Diverse'
Porcupine Tree live (25.11.07)
Posta den 28.11.07, kl. 22:04
Eg har ikkje høyrd på Porcupine Tree veldig lenge - eit par månadar. Likevel har eg prestert å kjøpe eit par album og bli fullstendig hekta. Geniale, er dei. Og når dei først er her i Oslo, så måtte eg jo nesten berre gå.
Ny PC!
Posta den 09.11.07, kl. 02:38
Eg har lenge både planlagt eit nytt PC-kjøp. Planen var å legge litt meir pengar i det enn tidligare, og kjøpe eit komplett system med toppytelse. Så flytta eg til Oslo og vart student, og fekk råd - ironisk nok. Planen vart uansett realisert, og her sit eg med det nye monsteret.
Dream Theater: Live i Spectrum #2
Posta den 30.09.07, kl. 16:23
Yepp, andre gong. Dream Theater tok turen innom Noreg og Oslo 29. september 2007 for å ha konsert. Og eg var der, sjølvsagt - no som forige gang.
God Jul!
Posta den 24.12.06, kl. 17:18
Så var endeleg den store dagen her. Julafta. 24. desember. Dagen då alt skal skje. Sjølv er eg ikkje heilt inne i julegreia endå, men det skjer vel i løpet av kvelden. Det med julestemning, altså. Uansett, God jul allesammen!
Bærbar PC!
Posta den 10.09.06, kl. 21:25
I samband med eit år i Troms, samt studiar etterpå måtte eg ha meg ein bærbar PC. Eg har då valt å slenge ut alt for mange tusenlappar på ein Compal Multinote HEL80, som eg etter ca ein dags bruk er svært fornøyd med.
Lesehesten Arve?
Posta den 28.07.06, kl. 02:51
I løpet av sommaren har eg tjent ein del pengar, og til neste år skal eg i militæret. Eg må jo sjølvsagt ha noko å slå ihel tida i militæret med - og kva er vel meir naturleg enn bøker? Eg har aldri vore noken iherdig skjønnlitteraturlesar, og er det fortsatt ikkje. Difor har eg bestilt meg bøker.
Ny mobiltelefon: Sony Ericsson K800i
Posta den 13.07.06, kl. 00:14
Eg har, som den teknologinerden eg er, lenge hatt eit ønske om å bytte ut min gamle mobiltelefon. Eg har no, sidan 27. juni i fjor, brukt ein Sony Ericsson K700i - og eg har vel igrunn vore ganske fornøyd med den. Den har fungert problemfritt til alt den skulle brukast til. Men no bestemte eg meg altså for å skifte, gå eit nivå opp.
Militærteneste. Jaja…
Posta den 23.05.06, kl. 14:33
Så kom det til slutt, då. Militærteneste på meg til høsten. Eg blir vel nøydd å utsette NITH eit år då, og tene landet litt. Så frå 14. august skal eg altså befinne meg i Skjold i Troms, 2. bataljon i hæren. Høyrest ikkje det berre fantastisk ut?
Russerevyen
Posta den 06.02.06, kl. 23:04
Vi på hafstad vidaregåande skule har i den seinare tida jobba stort med å få i gang ein ordentleg russerevy, og no er det heile over. Godt er det, igrunn.