herlig.net
- ein blog om alt og ingenting. Mest ingenting.
herlig.net-arkivet: 'Bloggrelatert'
Fotoblogg på plass!
Posta den 15.10.08, kl. 18:19
Så har eg klart å slepe meg til å gjere ferdig fotodelen her på sida. Det tok jo berre om lag tre veker - synest ikkje det er så ille. Om eg er flink gutt og alt det der kan det til og med hende eg klarar å halde den meir eller mindre oppdatert.
herlig.net versjon 4!
Posta den 24.09.08, kl. 02:42
Jepp, endelig. Eg har klart å få fingrane (!) ut av rompa og skrudd saman ei ny side. Innhaldet er det same som før, og forhåpentligvis kjem det nytt med større hyppigheit enn eg har hatt det siste året. Uansett, den fjerde i rekka sidan det heile starta ei kald novembernatt for fire år sidan er på plass!
Lite aktivitet
Posta den 30.07.08, kl. 15:56
Nok ein gong har aktiviteten her på sida droppa ned under null. Ja, faktisk under. Ferien har tatt over. Forhåpentligvis skjer det meir til hausten.
herlig.net i ny drakt!
Posta den 06.07.06, kl. 21:38
Så har det skjedd, atter ein gong - herlig.net har fått ny drakt. Den nye versjonen, nummer tre i rekka, av herlig.net vil altså innehalde akkurat det same som før, berre under eit anna skal.
Stillheit
Posta den 12.07.05, kl. 12:29
Det har vert stille i det siste her på herlig.net. Få nye blogginnlegg. Slik kjem det til å vere iallefall ei lita stund til, med mindre eg finn noko eg absolutt må skrive om.
Kommentarspam
Posta den 05.07.05, kl. 13:17
I den siste tida har eg hatt vanvittig mykje såkalla spam i kommentarane mine her på herlig.net. Heldigvis har WordPress eit spamfilter som gjer at besøkande aldri får sett desse.
Relaunch!
Posta den 19.05.05, kl. 18:57
Sida har no eksistert i snart eit halvt år, og i løpet av den tida har eg fått inn litt innhald. Eg har heile tida basert meg på eit innhaldssystem utvikla av Henrik Lied, men eg følte at det var på tide å bytte.
Fine tall!
Posta den 06.12.04, kl. 01:05
Sida kom opp 16. november, og ut månaden hadde eg til saman 1016 besøkande. Ikkje værst til å vere ein halv månad, hæ? Men det er jo eigentleg ikkje dette tallet eg skal kommentere her.
Endelig
Posta den 18.11.04, kl. 01:13
Endelig er den store dagen/natta her! herlig.net er oppe og går for fullt - nesten
ivertfall. Har tatt tid, men no er den altså her. Et par småfeil her og der
endå, men ting går seg til etter kvart - ikkje?