herlig.net
- ein blog om alt og ingenting. Mest ingenting.
Informasjon
Herlig.net er då mi, Arve Systad si, vevsdagbok. Her skriv eg alt frå småting i dagleglivet til større og meir omfattande artiklar rundt spesielle emner - sett at eg klarar å få meg til å skrive i det heile tatt. I mitt tilfelle blir det i tilfelle både faglig på det eg har interesse og kunnskap rundt, og om alt mogleg anna eg er i stand til å forfatte.
Kven er eg, eigentleg?
Eg er Arve Systad. Født i 1987 og er vanvittig herlig - derav navnet på sida. Er glad i fine nettsider, semantisk (X)HTML, musikk, fine bilete, mat, trening og ein del andre ting. Eg kjem rett og slett ikkje på alt, og eg overraskar meg sjølv stadig i kva eg kan bruke fleire minutt - ja, kanskje til og med timar - på å lese om på det der Internett-greiene.
Teknisk om herlig.net
herlig.net (ja, med liten forbokstav. Det skal skrivast slik eg vil ha det når det er eit særnamn, tenk) er då ein blogg basert på publiseringssystemet/bloggsystemet WordPress. Grafisk utforming + implementering og innhald står eg sjølv for, med unntak av kommentarane frå alle andre - dei er det opplagt nok ikkje eg som har skrive. Designet er koda i HTML 4.01 strict og CSS 2.1, og skal så vidt eg veit validere utan problem.