herlig.net

- ein blog om alt og ingenting. Mest ingenting.

 

Informasjon

herlig.net er då mi, Arve Systad si, vevsdagbok. Her skriv eg alt frå småting i dagleglivet til større og meir omfattande artiklar rundt spesielle emner – sett at eg klarar å få meg til å skrive i det heile tatt. I mitt tilfelle blir det i tilfelle både faglig på det eg har interesse og kunnskap rundt, og om alt mogleg anna eg er i stand til å forfatte.

Kven er eg, eigentleg?

Eg er Arve Systad. Født i 1987 og er vanvittig herlig – derav navnet på sida. Er glad i fine nettsider, semantisk (X)HTML, musikk, fine bilete, mat, trening og ein del andre ting. Eg kjem rett og slett ikkje på alt, og eg overraskar meg sjølv stadig i kva eg kan bruke fleire minutt – ja, kanskje til og med timar – på å lese om på det der Internett-greiene.

Teknisk om herlig.net

herlig.net (ja, med liten forbokstav. Det skal skrivast slik eg vil ha det når det er eit særnamn, tenk) er då ein blogg basert på publiseringssystemet/bloggsystemet WordPress. Grafisk utforming + implementering og innhald står eg sjølv for, med unntak av kommentarane frå alle andre – dei er det opplagt nok ikkje eg som har skrive. Designet er koda i HTML 4.01 strict og CSS 2.1, og skal så vidt eg veit validere utan problem.

 
generic viagra canada