herlig.net

- ein blog om alt og ingenting. Mest ingenting.

 

Hjernevask: Norsk samfunnsforskning.

Dei siste vekene har serien Hjernevask gått på NRK. I denne serien har Harald Eia – morsomt nok – prøvd å ta for seg samfunnsforskning i forhold til biologisk forskning, og han har gjort det overraskande bra i mine auge. Kven skulle tru at ein komikar skulle klare å irritere på seg heile forsknings-Noreg?

Hjernevask: Født sånn eller blitt sånn?

Intro på programmet Hjernevask. © NRK

Serien har tatt for seg emne som kan bli sett på som svært kontroversielle. Eia har prøvd å finne ut om det kan vere biologiske forskjellar som er grunnen til korleis folk blir menn eller kvinner, heterofile eller homofile og andre ting. Han har prøvd å grave etter biologiske forklaringar på kvifor enkelte gjer det betre på skulen enn andre, og kvifor der tilsynelatande er forskjellar mellom svarte, kvite og asiatiske kva angår intellekt. Farlig område å bevege seg inn på, med andre ord.

Vitenskap for meg handlar om å finne harde fakta. Kva som er politisk korrekt og kva folk synest er heilt irrelevant i ein vitenskaplig samanheng. Og vitenskapen burde grave i alt. Ikkje berre det enkelte ser på som interessant. Eia synest det er interessant å leite etter desse biologiske forskjellane, og arrogansen utvist blant intervjuobjekta i serien har vore klinkande klar: Norsk samfunnsforskning synest tydeligvis at biologiske svar er uinteressante.

“Det interesserer meg ikke.”

“Det interesserer meg ikke.” har blitt ytra utallige gonger i løpet av serien. Om Eia gjer det han kan for å “angripe” intervjuobjekta sine der han heilt klart har biologien på si side, har dette vore svaret han har fått fleire gonger. Og det er synd. Han har også intervjua fleire forskarar i det store utland, og dei har alltid klart å ha undersøkingar og store datamengder bak seg for å påstå det dei gjer. Svara var riktignok ikkje alltid ein fasit, men dei gav i det minste ein peikepinn på at biologi som regel er involvert på eit eller anna vis.

I det siste programmet får vi til og med fortalt at det er ein intern “no-go” å introdusere biologiske forklaringar på ting i miljø som driv med samfunnsforsknings, og at det er vanskeligare å få støtte til forskning som kan potensielt gi politisk ukorrekte resultat. Kva er denne arrogansen? Skal vitenskap vere grunnlagt i politikk og etikk? Kva om biologiske forklaringar faktisk er det som fortel oss om folk blir homofile eller heterofile, smarte eller dumme? Kva skal den latterlige samfunnsforskninga då stille med?

For min del er det nesten overflødig å prøve å fjerne biologiske svar i det heile tatt. Sjølvsagt er det eit eller anna biologisk på eit eller anna nivå som avgjer kvifor folk blir som dei blir, enten det gjeld intellekt, kjønnsidentitet og kva interesser du får.

Etter å ha fulgt serien i sine sju episodar må eg innrømme at mitt forhold til norsk samfunnsforskning har gått frå ikkje-eksisterande til hat. At mine skattepengar går med på å lønne slik dummskap blir for dumt. Svært mange av samfunnsforskarane som har blitt intervjua i løpet av serien har framstått som ubegripelig trangsynte, arrogante og ikkje-profesjonelle. Dei har rett og slett aktivt ignorert halve forklaringa til kvifor alt er som det er. Det blir for dumt.

Dersom vi menneske er så formbare som ein del av samfunnsforskarane påstår, så håpar eg vi klarar å endre dei.

No skal det jo seiast at Eia truleg har hatt eit motiv med serien, men det er ikkje noko forsvar for dei som etter kvart har blitt latterliggjort i serien. Uansett korleis ting har blitt klippa til eller redigert for å overbevise sjåarane på best mulig måte, så er uttalelsane likevel der. Og om Eia har vinkla sitt program for sin bodskap, så har iallefall norsk samfunnsforskning gjort det samme: Aktivit finne akkurat det dei leita etter og utelukka alt anna bastant.

Alt i alt synest eg Harald Eia har laga ein genial serie, og om du ikkje har fått den med deg er den å finne på NRK Web-TV. Absolutt eit tilfelle av “must-see”.

 

Legg igjen ein kommentar

Kommentarskjema
 
 
 

Felt merka med * er påkrevde.

HTML: Du kan formatere innlegget ditt med desse elementa (hugs å lukke dei): <a href="" > <abbr title=""> <acronym title=""> <blockquote cite=""> <code> <em> <strong>

Prøv å skriv så korrekt som mogleg, unngå pisspreik og utsagn som kan virke krenkande mot andre. Hugs på at eg har filter som held att kommentarar for kontroll og eventuell sletting om dei inneheld typiske "spam-bot-ord".

Stikk til Gravatar.com om du òg vil ha eit sånt fint lite bilete atmed kommentarane dine, i staden for det stygge rosa trynet.

Kommentarar (Ingen har brydd seg hittil)