herlig.net
- ein blog om alt og ingenting. Mest ingenting.
Folk flest og sjølvkritsk sans
Eg har eit problem. Eit problem med folk flest, og folk flest sin (fråverande) måte å vere kritisk til seg sjølv, sitt og sine. Kor har det blitt av indre ære over det du er og gjer? Kor har det blitt av det å vere halvfornuftig, og det å tenke seg om litt meir enn aldri før du gjer noko som er litt utanom det vanlige?
Etter kvart som tida går ser vi berre meir og meir av det – folk som gjer dumme ting utan å tenke seg om. Seinast i protestane i København, og tidligare i år i bråket i Oslo. Folk som på død og liv skal øydelegge noko som kunne ha vore ein saklig demonstrasjon med fullstendig ubrukelig oppførsel. Enkelte av dei har sikkert ein politisk ståstad som er i tråd med grunnen for demonstrasjonen, men poenget forsvinn jo fullstendig når dei kun skal kaste stein, sette fyr på ting og øydelegge. Kva som er grunnen til denne pøbeloppførselen veit eg ikkje, men ubrukelig er det iallefall. Folk tenker ikkje igjennom sine handlingar i det heile tatt.
Det same går mykje igjen i alle ekstreme religiøse eller politiske miljø (og av ein eller annan grunn utvilsomt mest synlig blant dei langt utpå venstresida). Folk skal på død og liv øydelegge for andre for å vise seg fram og for å få fram sin eigen ståstad – og med det øydelegger dei fullstendig for det poenget dei prøver å få fram. Kva hjelp det på situasjonen på Gaza at ein eller annan pøbel som ikkje høyrer heime i landet her eingong kastar knuser eit vindauge og set fyr på ei søppelbøtte?
For å flytte over på litt mindre ekstreme forhold, så er det forferdelig mange små, filleting som irriterar. Etter å ha budd om lag to og eit halvt år her i tigerstaden er det plenty av slike filleting som plagar meg. Dei skjer nok ellers og, men dei skjer nok meir jo meir folk som er i området.
Og det er forferdelig enkelt å bli litt smårasistisk av å bu her. Folk kan påstå kva dei vil, men eg har eit fast inntrykk av at ein majoritet av dei som er blant dei mange ikkje-vestlige innvandrarane i Oslo har forferdelig lett for å gi blaffen i andre, og kun tenke på seg sjølv. Dei har ein innebygd gjengmentalitet i kulturen sin, dei har ingen mentale sperre for å dra fram knokejern og true (basert på eiga erfaring), dei har lite respekt for lover og reglar (f.eks. kan du sjå saka 34 spisesteder stengt i Oslo – smugling, unnasluntring frå norske reglar), dei kan utan gjennomtanke stille seg opp innandørs og pisse i eit hjørne og dei kallar deg rasist med ein gong dei får nokon form for kritikk whatsoever – the list goes on. Dette gjeld sjølvsagt ikkje alle, heldigvis. Men er det rart folk blir dømmande? Eg prøver så godt eg kan å ikkje dømme folk før eg har hatt meir enn ingenting med dei å gjere – men når førsteinntrykket av folk er at dei truar meg eller pissar i eit hjørne inne på kjøpesenter, då blir det faktisk for dumt. Tenker dei ikkje over det dei gjer? Ikkje litt eingong?
Kva grunnen til slik oppførsel? Har folk ingen kritisk sans ovarfor seg sjølv? I enkelte tilfelle kan nok manglande kunnskap og opplæring vere tilfelle, men i dei mest primitive tilfella – som å oppføre seg som ein idiot i ein demonstrasjon – kan dei ikkje skulde på manglande skolering heller. Er det kulturen det bunnar ut i? Eg trur liksom ikkje heilt på det heller, sidan mykje slik idioti også gjeld nordmenn og våre likesinna.
Legg igjen ein kommentar
Kommentarar (Totalt 4 av dei så langt)
-
Veldig einig i det første du tek opp. Forferdeleg trist at nokre idiotar øydelegg ein demonstrasjon 100 000 deltek i. Om anarkistane tilhøyrer venstresida er ein an diskusjon, men er irrelevant. Idiotoppførsel er det uansett.
Likevel vil eg velge å snu på det. Det er også forferdeleg irriterande at media vel å fokuserer på nokre få, av 100 000 personar, som vel å lage bråk. Det vil alltid vere folk som kryssar grensa, men i København var det eit veldig lite mindretal. Enkelte hevdar dessutan at politiet har overreagert til dei grader. Eg meiner ikkje at media ikkje skal nemne at det har vore bråk, men det må gå an å ha ei meir balansert framstilling av verklegheita. Ein kamerat av meg som var så heldig å vere i København spurte kven som var den eigentleg sabotøren av demonstrasjonen. Anarkistane, eller journalistane som veldig effektivt gøymde det faktum at 100 000 personar i ein demo oppheldt seg på ein plass i fredeleg demonstrasjon. Det er ganske vanvittig det og :)
-
Jau, sjølvsagt er media ofte skuld i måten ting blir framstilt på. Er mulig at København-oppstyret no nylig ikkje var eit perfekt eksempel.
Oslo-demonstrasjonane tidligare i år er eit betre eksempel. Ja, der var kanskje mange som demonstrerte fredleg – og all respekt til dei. Derimot, når så ufattelig mange kjem for å øydelegge, så øydelegg det både for seg sjøl og dei som demonstrerer fredleg. Og det er dei eg snakkar om, det mindretallet (forhåpentligvis) ei slik gruppe som skal øydelegge for andre utan å tenke seg om i det heile tatt. Og om dei har tenkt seg om før dei begynte å kaste stein, så fortener dei ikkje betre enn litt fengsel, bøter og pepperspray i ansiktet.
-
Haha, blitzerar kan ta seg ein bolle. Makan til udugelig gjeng, dei er omtrent like nyttige som konspirasjonsteoretikarar eller andre som trur dei har forstått teikninga, men som faktisk har så feil som det går an å ha.
_Folk_ som ikkje kan å oppføre seg kan også ta seg ein bolle. Vere det etniske nordmenn eller tilflytta. Litt av poenget er vel at desse innvandrarane dine ikkje akkurat er øvre middelklasse frå Nigera, Afghanistan, Pakistan, you name it. Det er vel snarare tvert imot folk som av ein eller anna grunn har måtta flytte derifrå.
-
Arve.