herlig.net

- ein blog om alt og ingenting. Mest ingenting.

 

Nettsider som verkeleg imponerar

Internett slik det er i dag er stappfullt av nettsider som ser bra ut, har bra innhold og som er gode i bruk. Sjølvsagt er det dei som er i den andre enden av skalaen, men heldigvis er antallet på slike synkande. Her i dette innlegget vil eg ta for meg eit par sider eg rett og slett blir imponert av.

Det må ikkje nødvendigvis vere dei eg brukar mest, og det er heller ikkje alle sidene eg brukar ofte som er imponerande på denne måten. Her har eg prøvd å samle eit par nettsider som eg synest skiljer seg ut, som eg rett og slett blir imponert over på grunn av visuelt design, funksjonalitet, innhald eller liknande.

Facebook

Facebook logo

Facebook – den måtte nesten havne her, eller? Grunnen til at eg synest denne sida er imponerande, er dog ikkje på grunn av sjølve nettsamfunnet. Det reint tekniske, er det som imponerer meg her. Det at du kan kommentere, få oppdateringar på, endre tilgang på og kontrollere alt til så stor detalj. For dei med litt teknisk innsikt: Sjå for deg det fullstendige databasedesignet til Facebook. Prøv, iallefall. Deretter kombiner det med det faktum at sida er lynrask, at du får statusbeskjedar i samme sekund som ei endring blir gjort og at den aldri (?) er nede. Eg synest det heile er imponerande.

Stack Overflow

Stack Overflow – utviklingssamfunnet som styrer seg heilt sjølv. Her er det ikkje lengre det reint tekniske aspektet av sida som imponerer meg, men meir innhaldet og brukarane. Mesteparten av dei, iallefall. Skriv du bra innhald, får du stemmer frå andre brukarar, og vil få større tilgangsrettigheitar på sida. Etter kvart blir du automatisk det ein i andre forum vil kalle ein moderator, rett og slett på grunn av måten sida fungerer på. Ein skulle tru det var lett å utnytte eit slikt system, men tydeligvis ikkje. På Stack Overflow fungerer det iallefall knallbra, og samfunnet rundt sida imponerer meg verkeleg. Så ubegripelig mykje godt innhald som kjem så godt fram på grunn av stemme-funksjonaliteten.

Google

Google – må eg seie meir? Superraskt søk i ei heilt ubegripelig mengd innhald og ein målestokk for alt søk i data som blir gjort. Google har til og med blitt eit verb i mange språk: “å google”. Og for ikkje å snakke om alle andre ting Google tilbyr; karttenester, epost, kalenderfunksjonalitet osv. Imponerande.

Wikipedia

Wikipedia – den opne encyklopedi. Ei velforma teknisk løysing kombinert med open tilgang har over dei siste åra forma ei vanvittig stor samling informasjon. Sjølvsagt, det er den delen av Wikipedia som er full av oppdikta innhald, som er øydelagd av useriøse skribentar og liknande, men mesteparten av innhaldet der er jo brukbart. Og alt dette er eit resultat av frivillig, ulønna arbeid, som gjer det gratis tilgjengeleg for alle.

 

Fleire?

Har du eit par slike sider som rett og slett imponerar deg av ein eller annan grunn? Kva side, og kvifor?

 

Legg igjen ein kommentar

Kommentarskjema
 
 
 

Felt merka med * er påkrevde.

HTML: Du kan formatere innlegget ditt med desse elementa (hugs å lukke dei): <a href="" > <abbr title=""> <acronym title=""> <blockquote cite=""> <code> <em> <strong>

Prøv å skriv så korrekt som mogleg, unngå pisspreik og utsagn som kan virke krenkande mot andre. Hugs på at eg har filter som held att kommentarar for kontroll og eventuell sletting om dei inneheld typiske "spam-bot-ord".

Stikk til Gravatar.com om du òg vil ha eit sånt fint lite bilete atmed kommentarane dine, i staden for det stygge rosa trynet.

Kommentarar (Ingen har brydd seg hittil)