herlig.net

- ein blog om alt og ingenting. Mest ingenting.

 

Opeth: Live på Rockefeller #2

Då var dagen her. Etter at det litt mindre kjente (for meg, iallefall) bandet Ihsahn hadde varma opp publikum, inntok Opeth scena for kvelden. Og dei presterte som forventa: Knallbra.

Opeth på scena, Mikael Åkerfeldt i front
Opeth på scena, Mikael Åkerfeldt i front

Kvelden 10. mars 2009 vart, som forventa, særdeles bra. Trass i eit litt halvslappt publikum var konserten fortsatt utvilsomt verdt det. Musikken, stemninga og dei ubegripelig tørre vitsane til La det svinge-Åkerfeldt (som han sjølv kalte seg) utgjorde kvelden. Mot slutten av konserten ville han ha alle på golvet til å headbange uten musikk, fullt opplyst. Såg nok rimelig teit ut, kan eg tenke meg.

Setlista

Rutinert som eg er, presterte eg å knote ned setlista undervegs for å kunne hugse til bruk seinare – for eksempel her. Dei kunne nok godt ha spelt ei låt eller to til, men får seie meg nøgd likevel.

  1. Heir Apparent
  2. Ghost of Perdition
  3. Godhead’s Lament
  4. Leper Affinity
  5. Credence
  6. Hessian Peel
  7. Closure
  8. The Night and the Silent Water
  9. The Lotus Eater
  10. Deliverance
Opeth på scena, Mikael Åkerfeldt i front
 

Legg igjen ein kommentar

Kommentarskjema
 
 
 

Felt merka med * er påkrevde.

HTML: Du kan formatere innlegget ditt med desse elementa (hugs å lukke dei): <a href="" > <abbr title=""> <acronym title=""> <blockquote cite=""> <code> <em> <strong>

Prøv å skriv så korrekt som mogleg, unngå pisspreik og utsagn som kan virke krenkande mot andre. Hugs på at eg har filter som held att kommentarar for kontroll og eventuell sletting om dei inneheld typiske "spam-bot-ord".

Stikk til Gravatar.com om du òg vil ha eit sånt fint lite bilete atmed kommentarane dine, i staden for det stygge rosa trynet.

Kommentarar (Totalt 3 av dei så langt)

  1. benjamin furmyr Gravatar 13.03.09 @ 17:29 Kommentar-ID: #16708

    Fekk du knota ned kva IHSAHN spelte då!?
    Var det kun frå nyaste platå?

  2. Arve Systad Gravatar 13.03.09 @ 23:40 Kommentar-ID: #16710

    Har aldri høyrd eller høyrd om Ihsahn før, så har nok ikkje peiling på det nei ;-)

  3. Benjamin Furmyr Gravatar 22.03.09 @ 22:07 Kommentar-ID: #16766

    Det vil eg seie er ei stor skam!
    Ein av norges fremste artist!