herlig.net

- ein blog om alt og ingenting. Mest ingenting.

 

1. desember

Det er første desember i dag, og med det har nedtellinga til den djupt religiøse og meiningsfylte høgtida jula starta. Både i form av sjokolade, i pappformat, på internett og på fleire TV-kanalar er det mulig å følge denne intense nedtellinga mot denne vinterfesten.

I butikkane har det vore jul i over ein måned, og julegatene har vore oppe i nokre dagar alt. Nissar, stjerner, forferdelege lysdekorasjonar, raude hjerte og raude bånd er blant tinga du ser som skal vere med på å skape såkalt julestemning. Dessutan virkar det som om jula kjem litt tidligare kvart år. Berre litt. Men når den då har klatra seg halvvegs inn i september månad på det verste synest eg personlig det har gått for langt iallefall.

Julestemninga skal det iallefall ikkje stå noko som helst på. Ein fullstendig mangel på snø (her, sentralt i Oslo iallefall), kombinert med alt det fine ein ser i butikkar og på TV må jo berre gi den rette stemninga. Utvilsomt. Spesielt nissane gir meg julestemning. Jepp, nissane.

Jaja, kanskje det kjem etter kvart som den store dagen nermar seg.

Meeen…

…det skal bli digg med ferie. Det skal det. Nok eit halvt år er snart over, og det som faktisk er positivt med jula nermar seg. Ferie, enorme mengder god mat, ferie, avslapping og ferie er tinga eg ser fram til.

 

Legg igjen ein kommentar

Kommentarskjema
 
 
 

Felt merka med * er påkrevde.

HTML: Du kan formatere innlegget ditt med desse elementa (hugs å lukke dei): <a href="" > <abbr title=""> <acronym title=""> <blockquote cite=""> <code> <em> <strong>

Prøv å skriv så korrekt som mogleg, unngå pisspreik og utsagn som kan virke krenkande mot andre. Hugs på at eg har filter som held att kommentarar for kontroll og eventuell sletting om dei inneheld typiske "spam-bot-ord".

Stikk til Gravatar.com om du òg vil ha eit sånt fint lite bilete atmed kommentarane dine, i staden for det stygge rosa trynet.

Kommentarar (Ingen har brydd seg hittil)