herlig.net
- ein blog om alt og ingenting. Mest ingenting.
Morro med Photosynth 1
Du har kanskje høyrd om Photosynth - den überstilige bilete-til-3D-område-teknologien til Microsoft. Om ikkje, les litt om den. Det er faktisk veldig stilig.
Så eg tenkte eg måtte berre prøve ut the basics. På nettsidene deira kan du opprette ein eigen profil og laste opp bilete av ting du vil synthe. Eg gjorde eit halv-vellykka førsteforsøk av rommet mitt, og du kan sjå det på Photosynth-sidene. Trur dog at det å ta fleire bilete av alt, gjerne på større avstand, kan vere ein fordel. Litt vanskelig på mine enorme 18m2.