Posta den 10. January 2008, 23:31
Har lenge hatt lyst på eit orntli’ godt par hovudtelefonar (fint ord, forresten) til PCen og seinare som eit supplement til eit stereoanlegg (det kjem eg til å kjøpe meg så fort eg får meg større plass og litt meir pengar på bok). Etter litt om og men, havna eg på modellen HD595 frå kvalitetsprodusenten Sennheiser.
Etter å ha brukt det no i nokre dagar, kan eg ikkje seie noko anna enn at eg er storfornøyd. Uten å ha den heilt enorme kompetansen på det tekniske på slike ting vil eg kunne påstå at lyden er særs velbalansert og klar. Ingen overdriven bass eller diskant, ei heller for lite av nokon av delene, slik du gjerne finn på billege hovudtelefonar. Rett og slett berre veldig bra.
I tillegg til å ha god lyd er dei òg relativt behagelige å ha på. Det er laga for typisk innebruk, ikkje for å sitte på bussen med, og er difor ikkje laga med noko særlig til lydisolasjon, verken for deg som brukar eller for alle som sit rundt. Til “utebruk” blir dei for store og dyre i mine auge, og vil fortsette å bruke mitt Koss Porta Pro når eg skal ha utandørslyd.
Så utan heilt å ha testa fryktelig mange hovudtelefonar i denne klassen vil eg uansett seie at dette er eit godt kjøp, og ein god, god del andre er tydeligvis einig med meg ut i frå å ha lest diverse testar av settet.
Pent headsett, Arve. Jeg vurderer å kjøpe nytt headset selv - til innebruk. Bruker Porta Pro når jeg er ute.
Kjøpte du disse via en norsk butikk? Eller måtte du på utelandske sider?
Kjøpte dei igjennom jobben frå ein av våre leverandørar :-)
Fullt mulig å få tak i i norske butikkar.
Kjøpte nøyaktig samme hodetelefoner for noen uker siden selv, og jeg er også storfornøyd. La meg gjette: Du så også alle de positive tilbakemeldingene på hw.no? :-P
Mye lyd for pengene, det er det iallefall ingen tvil om.
Kim: Nei, faktisk ikkje. Men las ca ein milliard testar rundtom på verdsveven før eg bestemte meg :-O