Posta den 28. November 2007, 22:04
Eg har ikkje høyrd på Porcupine Tree veldig lenge - eit par månadar. Likevel har eg prestert å kjøpe eit par album og bli fullstendig hekta. Geniale, er dei. Og når dei først er her i Oslo, så måtte eg jo nesten berre gå.
…og det er eg glad for. Konserten var fantastisk bra, og eg trur kanskje eg eigentleg vart positivt overraska over den generelle kvaliteten på konserten. I og med at konserten av del av ein turné for det siste albumet “Fear of a blank planet” var sjølvsagt denne plata representert - og godt er det, sidan den kanskje er den beste plata dei har gitt ut (i mine auge). Ellers var der innslag frå både In Absentia og Deadwing.
Konkret setlist hugsar eg ikkje/har eg ikkje funne endå, men det kjem kanskje. Kanskje.