herlig.net
- ein blog om alt og ingenting. Mest ingenting.
Ein urban kvardag
Då har kvardagen her i tigerstaden begynt. Skulen har starta, eg har omsider fått meg ein jobb, og alt er slik det truleg kjem til å vere dei neste åra. Så er det det å få inn dei gode hybelrutinane, då…
Foreløpig har eg iallefall klart meg bra – har faktisk klart å holde det meir eller mindre ryddig på hybelen, stå opp tidsnok om morgonen, komme tidsnok til skule og jobb, studere litt på fritida på eiga hand, lært meg å lage orntli’ middag, vaska klede, bytta sengetøy, betalt rekningar – alt det der. Nesten litt stolt av meg sjølv.
Forøvrig så ser skulen ganske grei ut, forelesningar fire dagar i veka samt ein “studiedag” (fri, anyone?). Passar meg fint. Og med jobb på si, så har eg råd til å leve litt betre enn…vel, det eg ville gjort utan. Fint for meg, er det.
Legg igjen ein kommentar
Kommentarar (Totalt 5 av dei så langt)
-
(…) og alt er slik det truleg kjem til å vere dei neste åra.
Farlig å si sånt. Det trodde jeg også for nøyaktig et år siden, dog tror jeg NITH Oslo holder ut i tre år.
Så er det det å få inn dei gode hybelrutinane, då…
Gode hybelrutiner hvor? Husker bare natterangling og skitne gulv, jeg.
-
Farlig å si sånt. Det trodde jeg også for nøyaktig et år siden, dog tror jeg NITH Oslo holder ut i tre år.
Jajo, men eg trur nok eg skal klare det. Kan tenke meg at du hadde fortsatt om ikkje NITH Bergen la ned uansett, og det blir neppe tilfelle her i Oslo med det første.
Ellers er jo hybelrutinane inne i massevis, igrunn. Skittent golv er sant, men med Jif tørrmopp ein gong om dagen så går det greit òg. :P
-
Tørrmopp en gang om dagen?
Er du gal mann? Vi har laga regel med en gang i uka vi, for å holde litt styr på kaoset.
Og det er kun fordi Chris har fått seg dame og skal være seriøs :p -
Eg har et bittelite område å gå over i forhold til deg då, sebba. Det tar meg i underkant av ti sek :P
-
Flink gut som lagar “orntli’ middag”! Viktig det, veit du, om du skal klare å halde ut med både studiar, jobb og eige firma:-) Hybelkaninene e’kje så nøye med… Det kan vere litt selskap i dei av og til:-)