herlig.net

- ein blog om alt og ingenting. Mest ingenting.

 

Dimisjon!

Mitt år som soldat er over - endeleg. Eg forlot Skjold garnison i går (onsdag, 11.) klokka 07:25, og skal etter det tidspunktet aldri nokon sinne sjå leiren igjen - mest truleg aldri sjå indre Troms igjen heller.

Det er godt å vere sivil att, heilt klart. Sleppe romvask kvar morgon, kunne stå opp når eg vil, sleppe oppstilling, sleppe å måtte gå korrekt antrukken, sleppe å forholde meg til messa sine tidspunkt for når eg må ete, kunne ete god mat, sleppe feltrasjonar, sleppe F-34-stanken kvar gong eit grønt køyretøy passerer, sleppe dårleg utstyr, sleppe å drakse rundt på AG3en, sleppe å legge meg tidlig, sleppe befal som masar om dumme, unødvendige ting - og så vidare. Det er mykje eg slepp som sivil - og godt er det.

Likevel har eg gjort mykje artig i løpet av året i nord og, det er ikkje til å legge skjul på det. M113-kurs, MG3-kurs er verdt å nevne som høgdepunkt - i lag med ein del andre ting. Og så møtte eg jo masse nye folk, som heller ikkje er å snu fokus bort frå.

Aldri meir soldat.

 

Legg igjen ein kommentar

Kommentarskjema
 
 
 

Felt merka med * er påkrevde.

HTML: Du kan formatere innlegget ditt med desse elementa (hugs å lukke dei): <a href="" > <abbr title=""> <acronym title=""> <blockquote cite=""> <code> <em> <strong>

Prøv å skriv så korrekt som mogleg, unngå pisspreik og utsagn som kan virke krenkande mot andre. Hugs på at eg har filter som held att kommentarar for kontroll og eventuell sletting om dei inneheld typiske "spam-bot-ord".

Stikk til Gravatar.com om du òg vil ha eit sånt fint lite bilete atmed kommentarane dine, i staden for det stygge rosa trynet.

Kommentarar (Ingen har brydd seg hittil)