herlig.net
- ein blog om alt og ingenting. Mest ingenting.
Dimisjon!
Mitt år som soldat er over – endeleg. Eg forlot Skjold garnison i går (onsdag, 11.) klokka 07:25, og skal etter det tidspunktet aldri nokon sinne sjå leiren igjen – mest truleg aldri sjå indre Troms igjen heller.
Det er godt å vere sivil att, heilt klart. Sleppe romvask kvar morgon, kunne stå opp når eg vil, sleppe oppstilling, sleppe å måtte gå korrekt antrukken, sleppe å forholde meg til messa sine tidspunkt for når eg må ete, kunne ete god mat, sleppe feltrasjonar, sleppe F-34-stanken kvar gong eit grønt køyretøy passerer, sleppe dårleg utstyr, sleppe å drakse rundt på AG3en, sleppe å legge meg tidlig, sleppe befal som masar om dumme, unødvendige ting – og så vidare. Det er mykje eg slepp som sivil – og godt er det.
Likevel har eg gjort mykje artig i løpet av året i nord og, det er ikkje til å legge skjul på det. M113-kurs, MG3-kurs er verdt å nevne som høgdepunkt – i lag med ein del andre ting. Og så møtte eg jo masse nye folk, som heller ikkje er å snu fokus bort frå.
Aldri meir soldat.