herlig.net

- ein blog om alt og ingenting. Mest ingenting.

 

Øvelse Vintermauk

Så var årets vinterøvelse over. Vi har gått eit stykke på ski, bert tunge sekkar, sove i telt og ete feltrasjonar ei stund no. Først fem dagar på ski som ein infanteriøvelse, og så fem dagar med køyretøy i vanlig stil.

Del ein: Infanteriøvelse

Meg på oppstillingsplass før øvelsen starta
Klar til strid, det er det eg er.

Første del av Øvelse Vintermauk skal liksom vere øvelsen der infanteristane i 2.bn skal lære seg å bu ute om vinteren. Ein utruleg hard øvelse var det ikkje, men den hadde til tider sine utfordringar. Det å bu ute om vinteren er noko heilt anna enn om sommaren. Det same gjeld det å bevege seg frå stad til stad om vinteren. Snøen og kulda er i vegen som ei evig utfordring, men om du gjer ting riktig kan du dra fordelar av det heile. Faktisk så er det å sette seg inn i eit ordentlig oppsatt telt om vinteren langt betre enn om sommaren. Du lagar groper i snøen, veggar rundt teltet som hindrar vind, og egne groper uttafor teltet til å ha tinga dine i. Det er ein del meir arbeid i den tida du brukar på å få opp teltet, men det er verdt det om du skal vere der meir enn ei natt.

 
Laget mitt, lag 3, E1C. Kall det kva du vil.
Laget mitt, E1C, eller Lag 3 om du vil. Meg ytterst til høgre.

Fem dagar var vi ute og budde i telt, gjekk på ski og hadde litt leksjonar om det å leve ute om vinteren som soldat. Tida gjekk utruleg fort, og eg synest så absolutt at eg lærte ein god del om det heile i løpet av desse dagane. Det var litt slit til tider, men ikkje meir enn at det gjorde noko. Til saman flytta vi oss ikkje alvorlig langt, men ein del kilometer på ski blei det vel til slutt. Sjølv kunne eg vel tenkt meg å gå ein del lengre i løpet av øvelsen, men dette vart ikkje tilfellet. Truleg på grunn av variert fysisk form og litt slikt. Ikkje eg som avgjer.

 
Laget mitt klare for innlasting i helikopter
…og vi flaug helikopter eit lite stykke. Litt action måtte vi ha.

Alt i alt var første del av øvelsen igrunn ganske bra. Lærerikt, litt trening i oppi det heile og litt uventa action i form av ein liten helikoptertur vi fekk. I starten av øvelsen mista vi desverre ein mann pga. skade, og eine dagen mista vi endå ein person. Vi var på det tidspunktet nede i åtte mann inkludert lagførar, når vi eigentleg skulle vere ti. Og eigentleg-eigentleg elleve, men ein av våre lagsmedlem var delvis i utgangspunktet, og var ikkje med på denne delen av øvelsen. Til trass for slike småproblem, så gjekk ting igrunn veldig bra.

 
Nydelig landskap
Ein del av landskapet vi såg i løpet av øvelsen kombinert med litt sol såg utrulig flott ut. God, norsk natur.

Det skal vel og seiast at landskapet vi fekk sjå i løpet av øvelsen var flott. Nordnorsk vinternatur sett frå fjellet er rett og slett vakkert. Det var desverre ikkje alltid like fine moglegheiter for å ta fram kameraet, så alt for mange bilete har eg ikkje. Men, men. Mykje snø er her og. På stadene vi satte opp telt kunne vi grave oss groper ned i snøen på over ein meter utan store problem, og det var fortsatt litt igjen før vi traff bakken.

 

Del to: Kommandoplass

Kommandoplassen
Endeleg var kommandoplassen oppe, og sola skin så fint mellom eit lagstelt og den kjære (?) vogna mi.

Når første del var over, etter ein behagelig rekondisjoneringsfase (der vi bl.a. fekk verdens beste dusj i form av felt-dusj, satt opp av ingeniørbataljonen. Varmt vatn inne i store telt. Deilig, var det.), reiste vi ut med alle vognene vi har, og etablerte kommandoplassen slik som vi vanlegvis gjer. Etablere, finpusse og deretter drifte til den skal ned att. Avslappande arbeid, til trass for at vi fekk ein del møkkaoppgaver frå bataljonsstaben. Samma kan det vere, som ekspedisjonsvakt har eg lite å klage på. Varmt og godt har eg det, og kan koke meg både kaffe og kakao når eg sjølv føler for det.

Det verste med andre delen av øvelsen må vere siste natta når vi skulle pakke ned og reise til leir. Vi blei der ei lita stund ekstra rett og slett fordi den skrøpelige vogna mi ikkje klarte å starte seg sjølv - truleg på grunn av kulden som herja der og då. Men men, vi fekk start på den til slutt, og då var det berre å gi full gass ned langs panseraksen og komme seg i leir.

 

Legg igjen ein kommentar

Kommentarskjema
 
 
 

Felt merka med * er påkrevde.

HTML: Du kan formatere innlegget ditt med desse elementa (hugs å lukke dei): <a href="" > <abbr title=""> <acronym title=""> <blockquote cite=""> <code> <em> <strong>

Prøv å skriv så korrekt som mogleg, unngå pisspreik og utsagn som kan virke krenkande mot andre. Hugs på at eg har filter som held att kommentarar for kontroll og eventuell sletting om dei inneheld typiske "spam-bot-ord".

Stikk til Gravatar.com om du òg vil ha eit sånt fint lite bilete atmed kommentarane dine, i staden for det stygge rosa trynet.

Kommentarar (Totalt 7 av dei så langt)

  1. Hein Haraldson Berg Gravatar 10.02.07 @ 17:57 Kommentar-ID: #3425

    Vinterfjellet er kos, det. Hadde ikke hatt noe imot akkurat sånne øvelser/turer, tror jeg.

    Men, bare litt over én meter snø er da vel ikke så mye..?

  2. Arve Systad Gravatar 10.02.07 @ 18:19 Kommentar-ID: #3426

    Èin meter snø høyrest kanskje ikkje mykje ut, men når du først trakkar ned 15-20 cm på ski på teltplassen, set opp teltet og du deretter kan grave over ein meter uten å treffe bakken så er det faktisk ein god del. Reell snødybde urørt var vel kanskje 150cm eller meir på dei verste plassane.

  3. Vegar Gravatar 11.02.07 @ 23:53 Kommentar-ID: #3429

    Landskapet så faktisk usigelig deilig ut. Kunne godt holdt til der ute en stund, men jeg er mer, skal vi si, den urbane typen. Pen side og blogg ellers, du virker som en interessant person. Skal følge med.

    / Vegar

  4. Michael Paulsen Gravatar 14.02.07 @ 15:46 Kommentar-ID: #3430

    Så Natoplankene falt i smak, Arve?

    Så ikke så altfor verst ut den øvelsen der, egentlig.. Vinterøvelsene har en tendens til å være litt «slækkere» enn de om høsten/våren, nettopp pga. snø og kulde. Det er brått en god del flere ting å passe på når det er snakk om vinterøvelser, kontra øvelser på høsten/våren…

    Moro at du sitter igjen med en god følelse hvertfall!

  5. Arve Systad Gravatar 14.02.07 @ 21:18 Kommentar-ID: #3431

    Etter litt tilvenning, så var ikkje natoplankane så ille å gå på, faktisk. Sant som du seier, det er ein del fleire ting å passe på, som vi merka godt på oss. For eksempel hadde vi aldri overflod av vatn.

    Grei øvelse nonetheless, men kunne godt ha vore litt hardare.

  6. Iracia Gravatar 18.02.07 @ 23:23 Kommentar-ID: #3433

    lols @ laget ditt. Kun en gjeng med jenter jo.

  7. Arve Systad Gravatar 19.02.07 @ 19:26 Kommentar-ID: #3434

    “Ok”.