herlig.net
- ein blog om alt og ingenting. Mest ingenting.
Øyeblikksstatus
Julepynten har begynt å sprette opp rundt om kring, den store dagen nermar seg raskt. Det har skjedd litt sida sist eg skreiv her, så eg tenkte ei lita oppdatering er på sin plass.
Først av alt er vi så godt som ferdig med tjenesten vi skal ha før jul. Vi kom att frå øvelse for berre nokre dagar sidan, og sida då har vi drive vedlikehald av utstyret vi brukar - alt frå bensinaggregat til AG-3 skal pussast reine og fine før dei skal stå stille i juleferien. Og så skal sjølvsagt kjøretøya ha ei god overhaling før dei skal parkerast for jula. Bortsett frå det blir det relativt 50%-tjeneste ein del dagar. Vi blir liksom sittande utan arbeid store delar av tida. Nok om det.
Framtidsplanar
På dette området har det skjedd litt. Eg har per no studieplass på NITH i Bergen som eg hadde tenkt å ta til på etter førstegangstenesta. Problemet er berre at NITH Bergen skal leggast ned, og heile NITH skal samlast i Oslo. I utgangspunktet var Bergen eit klart førstevalg når det kom til å finne ut kvar eg ville studere. Det går med andre ord ikkje no. Ei positiv side av saken er at eg får kompensasjon for trøbbelen dette medfører i form av eit gratis semester.
Som ei følge av NITH-styret, samt at eg rett og slett har opna auga mine for litt andre ting, har eg og begynt å fatte interesse av å reise på utanlandstjeneste med 2.bataljon som eg er ein del av. Avdelinga mi skal sende soldatar til Afghanistan enten til sommaren som kjem eller rundt januar i 2008. Uansett når så vil eg ikkje tape meir tid enn eit år på studiane mine, i og med at eg kun er ute i til saman seks månadar.
Drivkreftene som får meg til å tenke på IntOps-kontrakt er i hovedsak opplevinga og det å ha gjort det, det å ha det på CVen min i ettertid. Og ikkje minst det økonomiske. I løpet av dei seks månadane du har tjeneste i utlandet, pluss oppsettingsperioden før, burde ein klare å sitte att med godt og vel 200 000kr oppsparte pengar. Kanskje så masse som 260 000kr. Og dette blir fint å ha med seg vidare i studiar og det å flytte heimefrå.
Men vi får sjå. Eg har til over jula å bestemme meg på. Blir det til at eg signerer ei kontrakt, ja, då har eg gjort det. Blir det til at eg lar det vere, så endar eg opp i Oslo til hausten. Og no blir det forøvrig fryktelig deilig med litt juleferie.
Legg igjen ein kommentar
Kommentarar (Totalt 4 av dei så langt)
-
Like greit, vi ville ikke ha deg her i Bergen uansett :p
-
Tjæææ, kom til Oslo så skal vi plage deg som den førsteklassingen du kommer til å være. Nå ble du vel overbevist, tenker jeg.
-
Såpass ja, fått smaken på det grønne liv, altså? Hehe… Som du selv sier, tror du skal benytte deg av julen til å tenke gjennom hva det faktisk går ut på å utføre utenlandstjeneste.. Mye penger i bilde, men også mye annet som kan slå negativt ut.. Men men, det er helt klart en fin mulighet til å teste seg selv, samtidig som det er meget gunstig å ha på sin CV.
-
Hein:
Sjå på det på ein annan måte - tenk deg du som tredjeklassing når eg kjem som ein stakkars førsteklassing :pMichael:
Ja, jo - litt allefall. Sjølvsagt er det ein del eg må tenke igjennom, men fortsatt. Fin på CVen er det òg, ja :)