herlig.net

- ein blog om alt og ingenting. Mest ingenting.

 

M113-kurs

Kursinga i Støttekompaniet i 2. bataljon har no komt i gang for fullt, og eg er ikkje noko unntak. Som vognkommandør på ei M113-vogn skal eg då ta M113-lappen, logisk nok. Og kurset er gøy, det. Eg er no halvvegs i kurset, og har hittil drive mest med teori. Køyretrening blir det nok av i veka som kjem.

M113-vogn Dette er ei M113-vogn, lav type. Dei aller fleste modellane liknar denne frå utsida.
M548 Carrier-vogn, bygd på M113-platformen. M548 Carrier. Feltlastebil. Stygg som fanden sjøl, men bygd på M113-platformen. Slik skal eg vere vognkommandør på.

For dei av dykk som ikkje veit kva ei M113-vogn er, så er det i utgangspunktet eit pansra personelltransportkøyretøy. I hæren i dag, derimot, vert vogna brukt til alt frå lastebil til feltsjukehus, så allsidigheita er det ingenting i vegen med. Den kan tydeligvis brukast som det meste. Til og med stormpanservogn har den vore ein gong.

Mi rolle oppi det heile vil då vere å køyre M548-varianten av vogna. Vi her likar å kalle den ein Carrier. Den er fryktelig, fryktelig stygg, og har visst ein tendens til å ta fyr på eige initiativ heilt utan grunn i følge kursleiaren vår. Eg har til no kun køyrd den meir vanlige varianten av M113, og den gir litt kald trekk i ansiktet når du køyrer og det er kaldt ute. Eg er litt glad for å ha havna på carrier, igrunn. Sitte innandørs i varmen når det er kaldt ute. Godt.

Det einaste som er litt kjedelig med kurset er igrunn at vi må lese ganske mykje teori om vogna. Ja, faktisk skal vi om lag kunne vogna fullstendig ut-og-inn for å bestå. Men, men - slik har det vore med stort sett alt som skal lærast her i forsvaret, så det har liksom begynt å bli ein vane. Eg ser fram til dei fem neste dagane.

Redigert: M113-eksamen tatt og bestått. Eg har no lappen på alle panservogner i M113-familien.

 

Legg igjen ein kommentar

Kommentarskjema
 
 
 

Felt merka med * er påkrevde.

HTML: Du kan formatere innlegget ditt med desse elementa (hugs å lukke dei): <a href="" > <abbr title=""> <acronym title=""> <blockquote cite=""> <code> <em> <strong>

Prøv å skriv så korrekt som mogleg, unngå pisspreik og utsagn som kan virke krenkande mot andre. Hugs på at eg har filter som held att kommentarar for kontroll og eventuell sletting om dei inneheld typiske "spam-bot-ord".

Stikk til Gravatar.com om du òg vil ha eit sånt fint lite bilete atmed kommentarane dine, i staden for det stygge rosa trynet.

Kommentarar (Totalt 10 av dei så langt)

  1. Hein Haraldson Berg Gravatar 12.11.06 @ 13:46 Kommentar-ID: #3399

    Akkurat det med å få sitte inne i et varmt førerhus hørtes deilig ut, når vi tar alternativene i betraktning. Du får ha lykke til med opplæringa - ikke kjør på folk, ikke sett vogna i brann osv.

  2. Tor L. Bollingmo Gravatar 13.11.06 @ 13:25 Kommentar-ID: #3400

    Capital ship. The carrier attacks by launching robotic Interceptors, each of which is built inside the Carrier at the cost of 25 minerals. Carriers can initially hold and deploy four interceptors, but an upgrade at the Fleet Beacon can increase their capacity to eight. The Interceptors give the Carrier a very long range, similar to that of Reavers and Guardians. If a Carrier is destroyed in battle, any interceptors it commands are also destroyed (after a short delay during which those Interceptors may still attack). Enemy units’ AI are programmed to focus on the interceptors rather than the Carrier itself, so opponents must often directly target the carrier with their units.

    Synd du bare kjører pingle-carrier, og ikke et romskip, da.

  3. Tor L. Bollingmo Gravatar 13.11.06 @ 15:17 Kommentar-ID: #3401

    Kokal’tulah!

  4. Arve Systad Gravatar 13.11.06 @ 19:16 Kommentar-ID: #3402

    Ja, synd det, igrunn. Men så har det seg ein gong slik at den norske hæren ikkje har romskip :/

  5. Hein Haraldson Berg Gravatar 13.11.06 @ 19:33 Kommentar-ID: #3403

    N’åh! De har vel sine hemmelige prosjekter! JEG HAR SETT ALT PÅ TV!

  6. Michael Paulsen Gravatar 15.11.06 @ 13:04 Kommentar-ID: #3404

    Vognfører er stas, var vognfører selv, men «bare» på en MB. Tipper det er litt lettere å kamuflere dette kjøretøyet enn det jeg hadde ansvar for, mindre knoting mest sannsynlig.

  7. Arve Systad Gravatar 16.11.06 @ 19:51 Kommentar-ID: #3405

    Vognkommandør er meg, men skal jo kunne køyre vogna òg :)

    Og tru meg, det er ein del knoting med denne vogna òg.

  8. Thomas Gravatar 14.10.07 @ 15:01 Kommentar-ID: #11553

    Hei Arve

    Kom over denne siden ved en tilfeldighet da jeg søkte etter materiale rundt dette kjøretøyet.
    Jeg har jobbet med dette kjøretøyet fra 1994 frem til dags dato, og er også hovedinstruktør på dette kjøretøyet på alle nivåer.

    Jeg vil bare avkrefte følgende som du har skrevet i din artikkel.
    M548 (ny modell NM199 av denne) har ikke en tendens til å ta fyr av seg selv. Dette ut av flere grunner, men en av hovedgrunnene er at det ved antydning til lekkasje så settes det øyeblikkelig kjøreforbud av fagmyndighet. Dette er også noe instruktørene skal gjøre mannskapet orientert om.
    Derfor så får en lekkasje sjeldent lov til å utvikle seg så langt at det vil medføre fare for brann. Dette i tilegg til at drivstoffkretsene er såpass skjermet fra komponenter som kan oppnå stor nok temperatur for og oppnå antennelsestemperatur for drivstoffet som i dette tilfellet er F-34 (en variant av diesel).

  9. Arve Systad Gravatar 15.10.07 @ 20:07 Kommentar-ID: #11557

    Klar over oppbygginga av køyretøyet osv. - tok jo kurset ;)

    Men - har ikkje erfart noko sjølv, men det var det som visstnok var “greia” med Carrieren - at den tok fyr. Var det alle som skulle køyre carrier fekk vete iallefall.

    Stygg er den uansett :-)

  10. Thomas Gravatar 16.10.07 @ 23:11 Kommentar-ID: #11569

    Ja, den er stygg som f…..

    Den er enda verre og utføre vedlikehold og service på :)
    Uansett, du sitter igjen med minnene.

    Kos deg videre.