herlig.net

- ein blog om alt og ingenting. Mest ingenting.

 

Øvelse Kamp

Så var det på tide for nok ein øvelse for støttekompaniet i 2. bataljon, då. Forrige øvelse var ei lett innføring i korleis det er å leve i felt, sitte fyringsvakt og det å sette opp eit telt og få til ein leir som fungerar. Denne gongen tok vi det heile om lag ti steg vidare. Den forige øvelsen var liksom ikkje fysisk hard, for å seie det på den måten.

Første dagen gjekk vi eit godt stykke, vel fire timar marsj med full utrustning, før vi satte opp leir. Her gravde vi i tillegg ut stillingar til vakthald om natta. Det var heile tida vått og surt, og når vi etter kvart kom oss inn i teltet så var jo sjølvsagt ikkje teltet tett eingong. Det heile endte liksom opp med at vi kun hadde våte plagg frå dag èin. Jaja, då kunne det ikkje bli verre. Trudde vi.

Laget mitt, E1D Laget mitt, E1D. Nydelig innsats og finfin lagånd fekk oss igjennom øvelsen med kun èin person tapt.

Andre dagen gjekk vi først eit lite stykke før vi satte opp telt på nytt. Vi kom oss inn i teltet, fyrte opp primusen og laga mat. Litt seinare vart det litt teorilekskjonar, før vi plutseleg fekk melding om at fienden hadde forflytta seg - og gjett om vi måtte flytte oss etter… Fortsatt i vått og surt vær pakka vi ned teltet og utstyret vårt og gjorde oss klare for marsj. Etter nokre timar marsj, ein del venting og litt transport med lastebil kom vi fram til neste leirstad - klokka var no om lag midnatt, pluss minus ein time. Uvisst tid, igrunn. Vi måtte no sette opp teltet i mørket, og dette tok jo sjølvsagt mykje tid. Vi fekk beskjed om at denne natta skulle ikkje brukast til vakthald - kun til tørking av klede, eting og å prøve å sove litt.

Vi våkna så opp til minusgrader tredje dagen. Deilig, ikkje sant? Utover dagen fekk vi sette opp større og betre lagstelt med ordentlig fyring i på grunn av at så mange hadde blitt sendt heim frå øvelsen med sjukdom og nedkjøling. Svært bra. Desse telta var nemlig tette, og med skikkelig fyring i teltet blei det behagelig varmt der inne.

Lite søvn og lite mat…

Heile øvelsen var prega av lite søvn og lite mat. Lite mat fordi vi i bunn og grunn hadde andre ting å gjere enn å kaste vekk tida til matlaging. Lite søvn fordi nettene gikk med til vakthold rundt teltet, å sitte fyringsvakt samt alarmar i ny og ne. Alarm betyr så mykje som “stå opp, dra på deg utstyr og kom deg til stillinga di så fort du er i fysisk stand til å gjere det”. Det endar liksom opp med at du ikkje er skikkelig våken før du har komt deg til stillinga og vore der eit lite minutt. Alt dette prega heile øvelsen, og det skal ikkje mykje til for å forstå at fysisk arbeid etter kvart blir ganske tungt utan søvn og ordentlig mat.

..og når vi først snakkar om mat, så er dei norske feltrasjonane faktisk ikkje så verst. Sjølvsagt kan du ikkje samanlikne dei med heimelaga, fersk mat - men dei smakar betre enn mykje hurtigmat du finn i butikken, og til kvart måltid er det òg diverse småting som sjokolade, kjeks, kakaopulver eller energidrikk-pulver. Heilt OK, igrunn.

Siste natta…

Før eller seinare måtte jo øvelsen avsluttast. Måten det vart gjort på i dette tilfellet var å gi kvart lag eit “unikt oppdrag” i ein stor samanheng - oppdrag i bataljonsramme. Høyrdes svært stort og stilig ut når kompanisjefen gikk igjennom det, men faktum var at alle fekk samme oppdrag, og at vi endte opp med ikkje å gjere det oppdraget i utgangspunktet sa at vi skulle.

Så, siste natta bestod i grove trekk av mykje gåing, bære ein av lagmedlemma ca 3km fordi han vart “skutt i foten” som ein del av øvelsen, bære sandsekkar og endå meir gåing. Og det heile vart sjølvsagt avslutta med ei hard hinderløype. Deilig. Men, men. Godt å vere ferdig med det iallefall. Var om lag fullstendig utslitt på slutten.

…gjett om helga vart brukt til avslapping…

 

Legg igjen ein kommentar

Kommentarskjema
 
 
 

Felt merka med * er påkrevde.

HTML: Du kan formatere innlegget ditt med desse elementa (hugs å lukke dei): <a href="" > <abbr title=""> <acronym title=""> <blockquote cite=""> <code> <em> <strong>

Prøv å skriv så korrekt som mogleg, unngå pisspreik og utsagn som kan virke krenkande mot andre. Hugs på at eg har filter som held att kommentarar for kontroll og eventuell sletting om dei inneheld typiske "spam-bot-ord".

Stikk til Gravatar.com om du òg vil ha eit sånt fint lite bilete atmed kommentarane dine, i staden for det stygge rosa trynet.

Kommentarar (Totalt 10 av dei så langt)

  1. Hein Haraldson Berg Gravatar 25.09.06 @ 19:11 Kommentar-ID: #2819

    Bra at du koser deg i forcen. :P

  2. Andreas Gravatar 25.09.06 @ 19:23 Kommentar-ID: #2820

    Omg, “d唑en i fyste setninga der er vel litt malplassert, er den vel ikkje? Norskkunnskapane svinner fort med lite søvn og mat ser eg^^ Flott at du ge-kosar deg. Eg fær i forcen om 2 dagar, men eg tror det blir litt meir slacking i luften enn det er i infanteriet =)

  3. Arve Systad Gravatar 25.09.06 @ 19:25 Kommentar-ID: #2821

    Rekruttperioden er om lag den samme for luftforsvar og hæren, trur eg, så førebu deg på ein tilsvarande øvelse til slutt du og.

    Og den “då”en får berre vere. Den høyrest riktig ut muntlig, iallefall.

  4. Michael Paulsen Gravatar 27.09.06 @ 14:18 Kommentar-ID: #3378

    Lagstelt kan jo ikke sammenlignes med 7-duker’n, det er helt klart! Som natt og dag! Ingen ting er som et stort lagstelt, oppvarmet av multifuel :) Du kommer til å sette pris på dette teltet, for å si det slik!

    Du kan forresten glede deg til vinterøvelsene, da skal du få kjenne på kulda, hehe… AG-sammensetning i minusgrader er ikke alltid like enkelt skal jeg si deg!

    Merker at minnene kommer tilbake etter jeg har lest dette innlegget, akkurat slik jeg opplevde førstegangstjenesten. Moro!

  5. Hein Haraldson Berg Gravatar 27.09.06 @ 21:32 Kommentar-ID: #3390

    Gah, når Michael nevner vinter, kulde og militærtelt, får jeg også minner. Visse gamle militærtelt isolerer minimalt, og når det blir kaldt nok på Hardangervidda blir det ikke mye søvn i løpet av natta!

  6. Michael Paulsen Gravatar 27.09.06 @ 21:56 Kommentar-ID: #3391

    Skal jeg love deg, hehe.. Husker én episode på NATO-øvelsen jeg var på, hadde gravd teltplass, men så var den for liten for lagsteltet, slik at vi måtte bruke 7-duker’n.. Det som ble saken, var at denne plassen fungerte som ei “kuldegrop”, at all kulden beholdt seg der hvor vi hadde gravd, og der måtte vi ha teltet.. Den natten - uten primus pga. for liten plass i teltet, er kanskje noe av det kaldeste jeg har vært borti, hehe :-P

  7. Arve Systad Gravatar 28.09.06 @ 19:50 Kommentar-ID: #3392

    Huff, sjudukerteltet er jo forferdelig i forhold til lagstelta. Kan tenke meg den kulden, trur ikkje vi var så langt frå denslags på øvelsen her - det var mange som vart sendt heim på grunn av hypotermi (alvorlig nedkjøling).

    Vel vel, neste øvelse blir iallefall med skikkelige telt og beltevogner til å ta oss fram. Siste dag av rekrutten i morgon, og den går med på flytting av rom/kaserne, samt organisering. Deilig :)

  8. Michael Paulsen Gravatar 02.10.06 @ 21:53 Kommentar-ID: #3393

    Så Arve, hvordan føles det at rekrutten er over? Deilig kan jeg tenke meg?

    Øvelser med kjøretøy er festlige. Selv var jeg vognfører for MB, stas vil jeg si. MEN, kamuflering av disse er ikke skal jeg si deg.. Den minste lille ting som kan hekte seg fast i kammonettet, hekter seg fast, garantert! Du vil sikkert oppleve mye av det samme på BV etter hvert!

  9. Arve Systad Gravatar 03.10.06 @ 18:29 Kommentar-ID: #3394

    Det følest godt å vere ferdig med rekrutten, det gjer det. Om to veker startar kursing for fullt, og sjølv skal eg ha M113-kurs. Det ser eg fram til :)

  10. Kjartan Gravatar 24.10.06 @ 20:51 Kommentar-ID: #3396

    Då-en i første setninga var faktisk forferdeleg feilplassert, som Andreas påpeika. Å skrive lærer dykk ikkje i militæret skjønar eg. No er det berre å sjå fram til du kjem heim til Førde, då vert det koz i massevis :P Øyvind og Tale er òg i Førde ifølgje planen, and there was much rejoicing!