herlig.net

- ein blog om alt og ingenting. Mest ingenting.

 

Første permisjon!

Då var min første periode på Skjold leir i Troms over. Om lag halve rekruttperioden er no over - og ja, det er slitsomt. Faktisk nesten litt for slitsomt til tider. Det gjeld å halde tidsfrister, aldri miste AG-3en i bakken, samt ta i det du klarar uansett kva samanheng du er i.

Rekrutt Systad i felten Slik ser ein ut etter litt gjørme og ei kald elv. Sånn omtrent, iallefall.

Men, trass i alt slitet så har eg og dei fleste andre på Skjold det ganske greit. God mat, så langt har vi stort sett hatt bra vær, greit befal og heilt OK buforhold. Det er og massevis av velferdstilbod i samband med leiren, så det er alltid noko å gjere på når du har fri om du tar litt initiativ sjølv - eller “ta insj!” som vi seier no.

Vi går igjennom ein god del stoff kvar dag, stort sett. Enten det er teoristoff om korleis gjere slik og sånn, eller om det er måtar å hive oss i bakken på og åle oss igjennom hundre meter gjørme. Alt skal inn, og vi må lære fort. Likevel er det ikkje så vanskeleg å få med seg ting i og med at vi prøver ut alt i praksis som ein del av læringa. Nyttig - då lærer ein fort.

Eg har forøvrig laga ein mobilblogg med min K800i - du finn den på http://fobcad922.blogspot.com/. Svært nyttig funksjon igrunn; ta bilete, “Send til blogg” - ferdig!

Vent, slutt!

 

Legg igjen ein kommentar

Kommentarskjema
 
 
 

Felt merka med * er påkrevde.

HTML: Du kan formatere innlegget ditt med desse elementa (hugs å lukke dei): <a href="" > <abbr title=""> <acronym title=""> <blockquote cite=""> <code> <em> <strong>

Prøv å skriv så korrekt som mogleg, unngå pisspreik og utsagn som kan virke krenkande mot andre. Hugs på at eg har filter som held att kommentarar for kontroll og eventuell sletting om dei inneheld typiske "spam-bot-ord".

Stikk til Gravatar.com om du òg vil ha eit sånt fint lite bilete atmed kommentarane dine, i staden for det stygge rosa trynet.

Kommentarar (Éin kommentar så langt)

  1. Michael Paulsen Gravatar 13.09.06 @ 00:09 Kommentar-ID: #2591

    Hehe, ja, pass for all del godt på AG’n din, ellers blir det mye AG-gym skjønner du, og det er ikke så veldig stas i lengden! Som du sikkert nå har skjønt, er tid et viktig begrep innen militæret, hehe…

    Alpha Indigo Tango Tango ^_^