herlig.net

- ein blog om alt og ingenting. Mest ingenting.

 

Førstegangsteneste: 2.bn

No er tida inne for å tene landet litt. Eg skal vere del av 2. bataljon i den norske hæren, og ser igrunn fram til det. Eg har tidligare hatt litt blanda følelsar angåande innkallinga – men eg må innrømme at eg har retta opp på det. Eg gledar meg faktisk ein heil del til eit år der oppe.

Arve, now an Army Man!

For opp, det skal eg. Nordover, altså. Skjold leir, indre Troms kjem eg til å befinne meg på det neste året. Då sjølvsagt med unntak av når eg har fri og kan reise heim nokre dagar. Høyrest ikkje det flott ut?

Får håpe at forventingane mine ikkje er alt for store iallefall. Eg ser fram til mykje skyting på blink, rulling i søla og springing i skog og mark. Og alt det andre. Kanskje har eg godt av litt fysisk fostring, òg. Einaste som er litt dumt er at eg må stå opp så tidlig. Kvar dag.

Eg reiser altså i morgon (14. august ‘06). Eg trur det vert ein lang dag. Mykje reising og mykje venting. Deretter blir det hardkøyring gjennom heile grunnperioden (tidligare kalla rekrutten). Eg skal prøve å skrive litt her ein gong i blant om korleis ting er der oppe, og kanskje få ut litt bilete av ting og tang. Og med det takkar eg for meg foreløpig. Eg kjem sterkt tilbake!

 

Legg igjen ein kommentar

Kommentarskjema
 
 
 

Felt merka med * er påkrevde.

HTML: Du kan formatere innlegget ditt med desse elementa (hugs å lukke dei): <a href="" > <abbr title=""> <acronym title=""> <blockquote cite=""> <code> <em> <strong>

Prøv å skriv så korrekt som mogleg, unngå pisspreik og utsagn som kan virke krenkande mot andre. Hugs på at eg har filter som held att kommentarar for kontroll og eventuell sletting om dei inneheld typiske "spam-bot-ord".

Stikk til Gravatar.com om du òg vil ha eit sånt fint lite bilete atmed kommentarane dine, i staden for det stygge rosa trynet.

Kommentarar (Totalt 13 av dei så langt)

  1. Ole Gravatar 13.08.06 @ 19:32 Kommentar-ID: #2368

    Stakkars deg…

  2. Hein Haraldson Berg Gravatar 13.08.06 @ 19:58 Kommentar-ID: #2369

    Du får gjøre det beste ut av det! :P

  3. Marius Pedersen Taule Gravatar 13.08.06 @ 21:29 Kommentar-ID: #2370

    Vel, ehm, kos deg :p

  4. Jesper Haug Karsrud Gravatar 13.08.06 @ 21:30 Kommentar-ID: #2371

    Jeg skjønner virkelig ikke at du gidder… Jeg skal inn i siviltjeneste den 12. september, og skal da jobbe på en ungdomsskole to minutter unna. Tror det blir utfordrende nok. Men så er jo jeg kristen og pasifist da, og når jeg hadde for god helse til å slippe unna hele tjenesten, ble det siviltjeneste på meg.

    Ønsker deg uansett god tur, og lykke til!

  5. Michael Paulsen Gravatar 13.08.06 @ 23:33 Kommentar-ID: #2372

    Du kommer ikke til å angre på denne tiden, tro du meg :) Det er bare til å bite tennene sammen da det er som tyngst, jeg vet hva jeg snakker om for å si det slik! Det er først etter du har dimmet at du kommer til å se tilbake på denne opplevelsen som noe positivt!

    Lykke til hvertfall, hilsen Robot-70 soldat og vognfører av MB, Menig Paulsen! Aitt!

  6. Arve Systad Gravatar 14.08.06 @ 00:15 Kommentar-ID: #2373

    Jesper:
    Eg skjønar på same måte ikkje at du kunne tenke deg eit år i sivilteneste framfor ekte manne-action i nord. :)

    Som Michael skriv her – eg trur eg kjem til å ha det bra. Har fått vite frå mange at dei ikkje ville ha vore uten førstegangstenesten, rett og slett fordi den er artig, lærerik og alt det der.

  7. Hein Haraldson Berg Gravatar 19.08.06 @ 16:55 Kommentar-ID: #2389

    Jeje, da har jeg blitt sånn halvveis kjent med kompisen din Bård også.

  8. Arve Systad Gravatar 20.08.06 @ 21:16 Kommentar-ID: #2390

    Bård Hestetreet? Stilig. Verden er liten.

    I dag har eg oppholdt meg nokre timar på Mauken skytefelt – AG3 er gøy :)

  9. Hein Haraldson Berg Gravatar 21.08.06 @ 12:12 Kommentar-ID: #2392

    Stemmer, stemmer.

    AG3 er sikkert helt greit, ikke lat som at du liker deg der oppe! :P

  10. Michael Paulsen Gravatar 03.09.06 @ 23:54 Kommentar-ID: #2573

    Bare gled deg til pussinga av AG’n du, Arve, det er ikke sååå gøy skal jeg si deg… Mye ompuss de første gangene tror jeg, hehe ;)

  11. Arve Systad Gravatar 09.09.06 @ 12:16 Kommentar-ID: #2580

    Pussing av AG er jo ingenting :)

  12. Styggen i 3 egt Gravatar 25.04.07 @ 21:33 Kommentar-ID: #3822

    Arve e stygg

    MVH Styggen

  13. antonsen Gravatar 10.05.07 @ 21:11 Kommentar-ID: #4454

    gratulerer, 2bn er norges fremste kamp avdeling. har selv hatt 18 gode måneder der!