herlig.net

- ein blog om alt og ingenting. Mest ingenting.

 

Ny mobiltelefon: Sony Ericsson K800i

Eg har, som den teknologinerden eg er, lenge hatt eit ønske om å bytte ut min gamle mobiltelefon. Eg har no, sidan 27. juni i fjor, brukt ein Sony Ericsson K700i - og eg har vel igrunn vore ganske fornøyd med den. Den har fungert problemfritt til alt den skulle brukast til. Men no bestemte eg meg altså for å skifte, gå eit nivå opp.

Bilete av SE K800i

…og valet landa på Sony Ericsson sitt nye innskot i K-serien; K800i. Telefonen som har vore marknadsført så flott som “Cyber-shot™ digitalkamera. Og mobiltelefon.” har då det meste eg kan tenke meg, pluss litt til. Grunnen til at eg valte denne telefonen er at eg har brukt Sony Ericsson ein del, og likar operativsystemet deira godt, samt at dei er gode på batterikapasitet. I tillegg har han minnekortstøtte og ein skikkeleg MP3-spelar, og eg har plutseleg ei erstatning for den gamle utslitte iPod-minien min òg. Einaste eg då må vente på er HPM-82 får Sony Ericsson slik at eg kan benytte meg av eige headset når telefonen skal leike MP3-spelar.

No har eg brukt telefonen i om lag ei veke, og eg må seie meg svært fornøyd. Han er ein draum i bruk, har bra batterikapasitet, ser bra ut og med 3G går det faktisk an å lese nyheiter eller forum mens du ventar på bussen - eventuellt på bussen. Alt i alt: Anbefalast på det sterkaste om du først skal legge ut i overkant av 4000kr på ny mobiltelefon.

Les forøvrig testar av telefonen hos for eksempel amobil eller GSM Arena.

 

Legg igjen ein kommentar

Kommentarskjema
 
 
 

Felt merka med * er påkrevde.

HTML: Du kan formatere innlegget ditt med desse elementa (hugs å lukke dei): <a href="" > <abbr title=""> <acronym title=""> <blockquote cite=""> <code> <em> <strong>

Prøv å skriv så korrekt som mogleg, unngå pisspreik og utsagn som kan virke krenkande mot andre. Hugs på at eg har filter som held att kommentarar for kontroll og eventuell sletting om dei inneheld typiske "spam-bot-ord".

Stikk til Gravatar.com om du òg vil ha eit sånt fint lite bilete atmed kommentarane dine, i staden for det stygge rosa trynet.

Kommentarar (Totalt 8 av dei så langt)

  1. Magnus Holm Gravatar 13.07.06 @ 12:00 Kommentar-ID: #2324

    Ser ut som en nydlig telefon. Har selv lillebroren, K750i, som jeg er kjempe fornøyd med. Men K800i ser enda bedre ut, jeg misunner deg! Men en ting er sikkert: Sony Ericsson er best!

  2. Hein Haraldson Berg Gravatar 13.07.06 @ 20:16 Kommentar-ID: #2326

    Misunner deg litt nå… Har lyst på en selv. Jepp, det har jeg.

  3. Sebastian Steinmann Gravatar 17.07.06 @ 11:45 Kommentar-ID: #2327

    Pen telefon uten tvil med mye under panseret. Skal ned til byen å se om jeg ikke får befølt den litt før jeg kjøper den.

  4. Arve Systad Gravatar 17.07.06 @ 17:58 Kommentar-ID: #2330

    Den er god å ta på, òg :)

  5. Jesper Haug Karsrud Gravatar 25.07.06 @ 20:47 Kommentar-ID: #2337

    Ahh, det er én fin telefon. Har selv k700i, synes den er verdt den ene kronen jeg brukte på den. Men nå begynner det å bli tide å se seg om etter en ny en, og da er denne helt klart et alternativ jeg ser på. Eller W800i. Men jeg har jo en Zen Sleek, og jeg trenger jo egentlig ikke to mp3-spillere.

    Kul reklame er det og :)

  6. Øyvind Gravatar 27.07.06 @ 18:08 Kommentar-ID: #2338

    Har for litt over en uke siden gått til innkjøp av samme telefon og må si jeg er minst like imponert som deg.
    Kan også bekrefte at den er veldig god å ta på, at materialet som er brukt er metall gjør at telefonen får et mer solid preg.

  7. Åsbjørn Gravatar 29.07.06 @ 06:21 Kommentar-ID: #2345

    Hei!
    Jeg er meget fornøyd med min K800i, det eneste jeg har å utsette på den er at den av og til slår seg av. Dette er spesiellt når jeg hører musikk i tillegg til å skrive melding eller spiller spill osv.
    Noen som har hatt det samme problemet?
    Er dette en feil en bør bruke garantien til??

  8. Arve Systad Gravatar 01.08.06 @ 23:55 Kommentar-ID: #2348

    Åsbjørn:
    Har ikkje hatt det problemet sjølv, nei. Og ja - det er en garantisak, ingen tvil der. Du kan dòg prøve å kjøre en programvareoppdatering (Innstillinger => Generelt => Oppdateringstjeneste). Om der ikkje er noko oppgradering tilgjengeleg, snakk med dei du kjøpte telefonen av.