herlig.net

- ein blog om alt og ingenting. Mest ingenting.

 

Julehysteri!

Desember er her, jula nærmar seg, og til og med containarane på den uferdige gangbrua mellom to kjøpesenter her i Førde har fått julelys på seg. Årets julegalskap er i i full gang.

Tenkte eg måtte skrive noko i bloggen min no, det er så lenge sida sist, så kva med litt lavkvalitets julekritikk? Jula slik vi kjenner den i dag er jo i bunn og grunn kun auka forteneste i butikkar, mykje reklame og julepynt overalt.

Kvart år rundt starten av desember skjer det noko med folk – alle går heilt av skaftet med julepynt og stress. Spesielt gjeld dette dei som er ansvarlige for dekorering i butikkar, gater og kjøpesenter. Overalt ser du lys, stjerner og englar. Den praktiske delen av det er ein ikkje-ting, men den estetiske delen av det vil eg sette spørsmålsteikn ved. Det ser jo eigentleg ikkje særlig fint ut. Mange påstår det skapar stemning, men der er eg ueinig. Kanskje det berre er meg.

+++

Joda, jula har nokre positive sider òg. Ferie og god mat. To gode sider, men dei er til gjengjeld veldig gode. Om lag to veker fri frå skulen gjer seg alltid godt, spesielt i lag med følelsen av at eg no snart er ferdig med vidaregåande skule og kan gå og gjere det eg sjølv vil.

 

Legg igjen ein kommentar

Kommentarskjema
 
 
 

Felt merka med * er påkrevde.

HTML: Du kan formatere innlegget ditt med desse elementa (hugs å lukke dei): <a href="" > <abbr title=""> <acronym title=""> <blockquote cite=""> <code> <em> <strong>

Prøv å skriv så korrekt som mogleg, unngå pisspreik og utsagn som kan virke krenkande mot andre. Hugs på at eg har filter som held att kommentarar for kontroll og eventuell sletting om dei inneheld typiske "spam-bot-ord".

Stikk til Gravatar.com om du òg vil ha eit sånt fint lite bilete atmed kommentarane dine, i staden for det stygge rosa trynet.

Kommentarar (Totalt 5 av dei så langt)

  1. Kong Myrkjartan Gravatar 16.12.05 @ 20:43 Kommentar-ID: #1254

    Eg er einig i den siste delen, men eg vil tørre å påstå at denne julepyntinga i butikkane skapar ei stemning, men at det er ei god stemning skal eg ikkje påstå, for det vert feil. Vert vel ei heller plastisk stemning, dersom det er mogeleg å seie.

  2. Stein Ove Helset Gravatar 17.12.05 @ 13:43 Kommentar-ID: #1258

    Ja, den siste delen er jeg å enig i..Å lys SKAPER stemning det, tenk hvor kjedelig det hadde blitt uten sånt da!! :P heh

  3. Alexander Ludvig Holm Gravatar 20.12.05 @ 17:01 Kommentar-ID: #1263

    Enda mer morsomt er at du må “dodge” mellom folk og fe på disse storsenterene. Er så forbaska mange av dem nå rundt jula. Må til og med stå i kø omtrent utenfor inngangsdøra hos urmakeren bare for å få byttet batteri… som tok tre kvarter.

    Og ikke minst vekterne som passer på butikkene. Var innom Lefdal for å slå ihjel tiden til bussen kom. Det jeg opplever er at vakta ser stygt på meg i det jeg passerer han inni butikken, som om jeg var en potensiell tyv eller noe. Akk, jul er en ting hvor alle handler gaver som fy, men at jeg skal føle meg uvell når jeg er innom en butikk i jula fordi vakta kanskje var litt for lite diskré, gjør at en får litt av jula langt nedi vrangstrupen.

    Det jeg ser mest frem til er god mat, samhold og tegnefilmer. Julegaver er kjekt det og, men…

  4. Arve Systad Gravatar 22.12.05 @ 22:12 Kommentar-ID: #1277

    …men meir en ting ein såg fram til for et par år sida :)

  5. Simon Zimmermann Gravatar 26.12.05 @ 15:06 Kommentar-ID: #1308

    Likte veldig godt en kammerat av meg sin beskrivelse av julen, synes alle burde ha det litt mer sånn. Joakim feirer jul