herlig.net
- ein blog om alt og ingenting. Mest ingenting.
Opeth: Live på Rockefeller
Jubelen på Rockefeller mandag 19.09 var overalt. Opeth hadde endeleg inntatt scena, og dominerte kvelden frå sin posisjon der oppe. Opeth er genialt, både live og studio-opptak. Dette var verdt dei ~2500kr eg brukte på å reise til Oslo den dagen.
Dette var første gong eg såg noko som helst band live, og det var ufattelig morosamt. Eg har i lengre tid vert stor fan av Opeth, rett og slett fordi dei er vanvittig geniale. Dette var ei oppleving utanom det vanlege, og eg ser gjerne at det gjentek seg.
Kvelden var ung
…då eg ankom konsert-vorspielet på John Dee omtrent klokka sju. På eit lite kinoanlegg stod live-DVDen til Opeth, Lamentations, på. Folk drakk øl og prata, og i det heile tatt var stemninga veldig god. Omtrent klokka kvart på åtte slapp vi inn i sjølve konserthallen Rockefeller.
Etter ei stund venting, prating og drikking i konserthallen entra oppvarmingsbandet Extol scena. Eg er usikker på kor lenge dei spelte, men tydeligvis litt for lenge – eg var ikkje akkurat særlig begeistra over dei.
Endelig! Opeth!
Etter at Extol hadde gått av scena, scena hadde blitt tømt for unødvendig Extol-utstyr, og Opeth hadde venta alt for lenge kom endelig Opeth inn. Stor jubel og masse galskap. Mellom kvar sang måtte sjølvsagt vokalisten, Mikael Åkerfeldt, komme med litt småsnakk om meiningslause og idiotiske ting som Abba og at folk måtte ikkje headbange sidelengs som en “nei-bang, så som Mendez her…”. Mikael var ein artig mann.
Alt i alt var det ein ufattelig underhaldande kveld. Opeth-fans: gå på konsert.
Skal sjå ka eg kan oppdrive av bilder frå konserten, og dei vil bli lagt inn her om/når eg får tak i. Tok nokre bilete med mobiltelefonen min, men har foreløpig ingen måte å overføre dei til PC med.
Sangliste
- Baying of the Hounds
- When
- Deliverance
- In my Time of Need
- To Rid the Disease
- The Grand Conjuration
- Face of Melinda
- The Drapery Falls
- Blackwater Park
- Demon of the Fall
Legg igjen ein kommentar
Kommentarar (Totalt 7 av dei så langt)
-
Ja, dei er..geni..ale. Heilt enig.
-
Ojoj, skal sannsynligvis kjøpe det nye Opeth albumet i morga fordi da får eg stipendet mitt! Har faktisk ikkje hørt nokon av sangane som er der men har høyrt så mykje skryt om det at eg skal kjøpe det.
Skulle gjerne vore på konsert med Opeth ja. Arve du er min helt sidan du har vore der ;) -
eg trur eg må bynne å legge sånn copyright merke på bilda mine, så alle kan se at det er eg som har tatt dei ;-p for du har ikkje spurt om lov har du vel ARVE?
-
Eg hadde tenkt å legge til en liten notis til deg der heile tida, men glømte det tydeligvis. Uansett så er den der no. Beklagar eventuelle tap du hadde =P
-
Riktignok særs seint ute med å kommentere, men det å seiast likevel: Opeth lagar god musikk og konserten var god. Men dei var desverre ikkje like gode som på HITS i Bergen.
-
de var glimrende på HITS i bergen ja, men spilte dog bare 7 sanger der.. burde fått mer tid.. anathema som “oppvarmingsband” var heller ikke å klage på :D
-
Åh, noen ganger skulle man vært atten.
Menmen, jeg vil tro det var litt av en opplevelse ihvertfall! :-)
