herlig.net

- ein blog om alt og ingenting. Mest ingenting.

 

Unngå Internet Explorer!

Internet Explorer - Microsoft sin eigen nettlesar. Den som er ein del av operativsystema deira. Den som «alle» brukar uten å vite at der finst fleire langt bedre alternativ. Her forklarar eg kvifor du skal bytte.

Internet Explorer (vidare referert til som «IE») har lenge dominert nettlesarstatistikken utan heilt å ha ein ordentlig grunn for det. I dag finst det fleire gratis og veldig gode alternativ, du finn dei nederst i artikkelen. Så til det store spørsmålet: Kvifor skal du unngå Internet Explorer?

Sikkerheit

Først og fremst er IE ein vanvittig usikker nettlesar i forhold til alle andre. Det er ei rekke sikkerhetshol i denne nettlesaren som lar alle som verkelig vil sleppe til. Dessutan - fordi IE er den mest brukte nettlesaren, er det også den som får flest måtar å bryte seg inn i, og når den er så sterkt implementert i resten av operativsystemet ditt så gjer det tilgangen til kritisk informasjon endå lettare. Enkle reklameannonser eller script på nettsider kan utan problem legge igjen såkalte Tracking Cookies hos deg. Desse «kjeksa» hentar informasjon om kva du gjer på Internet, kva slags maskinvare du har og generelt informasjon om dine handlingar. Dette blir då kanskje sendt tilbake til ein som har lyst å plage deg, og han får tilsendt informasjon om deg som du kanskje aldri hadde eit ønske om å spreie. Ellers er det svært mange kjende måtar å bryte seg igjennom IE sitt forsvar på. Du er ikkje tilfeldigvis ein av dei som plutselig fekk ei ny verktøylinje utan å vete kvifor? I så fall: Bingo! - du er utsatt for IE sitt dårlege forsvar.

Brukarvennligheit

IE er ikkje ein særlig brukarvennlig nettlesar. Med dagens raske tilkoplingar til Internet er det vanleg å ha både to og ti opne nettsider samtidig; gjer du dette i IE vil du berre ende opp med ei stappfull oppgåvelinje (sett at du sit med Windows, noko du truleg gjer når du brukar IE). «Heldigvis» er der ein funksjon i Windows XP som gjer at alle opne vindu av same type blir grupperte til ein knapp på oppgåvelinja. Kvar gong eg ser dette blir eg berre irritert over idèen bak nettopp dette - det er jo så ufattelig tungvint å ha med å gjere seks-sju vindu på ein «tab»! Alle moderne nettlesarar burde støtte «tabbed browsing», som gjer at du har ei eiga oppgåvelinje inne i nettlesaren der du har alle nettsidene du har opne. Dette gjer surfing ein heil del lettare.

Ta livet av Internet Explorer!

I tillegg til å mangle støtte for fleire-vindu-i-eit fenomenet, har IE ein del begrensingar angåande brukarvennlegheit ellers. Du har ein funksjon som lar deg justere tekststørrelse - men ikkje dersom den er oppgitt i px. Dette seier deg kanskje ikkje stort - men dersom denne eininga vart brukt av han/ho som laga nettsida vil du ikkje kunne justere tekststørrelsen. Andre nettlesarar kan for eksempel forstørre heile sida, eller iallefall justere tekst uansett eining brukt på tekststørrelsen.

Ellers er ikkje IE lagt opp til å kunne brukast av folk med ein liten tanke funkjonshemming som for eksempel dårlig syn. Andre nettlesarar har funksjonar som gjer ting lettare for slike.

Krevjande og treig

Internet Explorer er treig. Den kan ha i gang to nedlastingar frå kvar server på ein gong - andre nettlesarar kan ha fleire gonger så mange. I tillegg til at andre nettlesarar lastar ned innhald fortare, viser dei det også betre. IE sin «visningsmotor» har ein tendens til å få alt til å gå fryktelig sakte når der er mykje detaljgrafikk på ei nettside.

I tillegg til dette så tar IE langt meir systemressursar enn sine konkurrentar. Dette er spesielt plagsomt dersom du surfar med fleire vindu opne på ein gong, og har du ei litt treig datamaskin kan dette medføre ein del unødvendige problem.

…og webstandardar?

I dei siste åra har bruk av webstandardar eksplodert - og godt er det. Der er framleis ein heil del sider som framleis gir blaffen i desse, men fleire og fleire konverterar til standardisert kode. All denne standardiseringa blir gjort for at Internet skal bli ein effektiv plass å hente informasjon, uansett om du har ei funksjonshemming eller brukar noko anna enn ein vanleg PC til å sjå på sida. Internet Explorer klarar ikkje heilt å forstå alle desse standardane, og oppfattar visse ting feil, eller ikkje oppfattar dei i det heile. Som den eg er som driv ein del med webutvikling/webdesign seier det seg vel sjølv at dette er eit stort irritasjonsmoment.

Alternativa

Heldigvis finst der fleire gode alternativ - alle betre enn IE på alle områda eg har vert innom i denne artikkelen. Under har eg lenka til og gitt eit kort samandrag av dei to mest brukte nettlesarane utanom IE.

Opera

Du finn han på Opera.com. Denne nettlesaren tar relativt lite systemressursar, er rask og svært sikker. Du kan konfigurere den til om lag akkurat det du sjølv har lyst til. Inneheld også bl.a. epost- og IRC-klient. Min favoritt. Der er ein gratis versjon med reklame i, eller du kan betale rundt 300kr for å få ein utan reklame. Denne reklamen går fint an å leve med, men støtt gjerne dette flotte firmaet med litt pengar og kjøp den.

Firefox

Du finn han på getfirefox.com. Ein liten og kjapp nettlesar denne også, med eit lass av moglege «plugins» du kan laste ned om du vil forandre på noko. Store moglegheiter for konfigurering. Gratis utan reklame, open kildekode.

Derfor!

Eg håpar sjølvsagt at du i løpet av denne artikkelen har lært kvifor du absolutt bør unngå Internet Explorer. Last gjerne ned begge dei to eg nevnte over, prøv deg fram med dei og finn den du likar best. Sjølv er eg storfornøyd så lenge du i det minste skiftar!

 

Legg igjen ein kommentar

Kommentarskjema
 
 
 

Felt merka med * er påkrevde.

HTML: Du kan formatere innlegget ditt med desse elementa (hugs å lukke dei): <a href="" > <abbr title=""> <acronym title=""> <blockquote cite=""> <code> <em> <strong>

Prøv å skriv så korrekt som mogleg, unngå pisspreik og utsagn som kan virke krenkande mot andre. Hugs på at eg har filter som held att kommentarar for kontroll og eventuell sletting om dei inneheld typiske "spam-bot-ord".

Stikk til Gravatar.com om du òg vil ha eit sånt fint lite bilete atmed kommentarane dine, i staden for det stygge rosa trynet.

Kommentarar (Totalt 11 av dei så langt)

  1. _Adler_ Gravatar 31.12.99 @ 00:00 Kommentar-ID: #150

    Hvem er det egentlig som skriver slik som du først viser til?
    Virker helt rart for meg…

    Man må jo bruke det som allerede finnes, altså metode #2.

    Bra artikkel, syns jeg i alle fall.
    Men jeg forstår til tider ikke meningen med den:
    “Feilen i denne lille kodebiten er at ingen av elementa har innhald - ingen av dei har logisk meining. Der er inga overskrift, og menyen er tom. Nettlesaren veit ikkje kva dei forskjellige tinga er. Kun sluttbrukar (med grafisk/høgoppløseleg nettlesar) forstår dette, fordi innhaldet gjerne kjem fram ved hjelp av CSS i form av bileter.”
    Hvem lager en slik div tabell når det allerede finnes bedre metoder?

    Hilsen _Adler_

  2. Alexander Ludvig Holm Gravatar 31.12.99 @ 00:00 Kommentar-ID: #146

    Snart kan du skrive en bok med tittelen “Unngå Internet Explorer for dummies” :-).

    Man kan jo lure på hva Microsoft tenker på nå som vi er i en slags internettetstidsalder. Greit at de har fått fart på hjulene med Ã¥ lage en 7′er. Men jeg er litt tvilende på om de kommer til å oppnå mine forventinger. Den tid, den sorg.

    Har “desverre” blitt mer glad i Firefox enn Opera. Har kanskje noe med alle plugins som den har å tilby. Men Opera har og veldig mye å by på, som f.eks custom css/javascript som kan overstyre nettsidene man besøker. Jeg har uansett Opera installert for evaluering og ellers for testing av hvordan mine nettsider oppfører seg.

  3. meinhold Gravatar 31.12.99 @ 00:00 Kommentar-ID: #152

    IE gjør det ti ganger værre å kode/designe en side. Jeg irriterer meg over hvor dum IE er. Ikke bare det, 90% av alle nettbrukere er også dum og bruker IE.
    Og derfor må jeg kode sidene mine så godt jeg kan for IE, men noenganger er det så og si umulig å få alt til å stemme i alle nettleserene.

    Heldigvis finnes det en nyttig php kode;

    if ($check = strstr ($_SERVER['HTTP_USER_AGENT'], “MSIE”))

    Da kan jeg optimalisere sidene for IE, men det er ikke alltid jeg gidder.

    meinhold - http://me1nhold.com

  4. Martin Wedvich Gravatar 31.12.99 @ 00:00 Kommentar-ID: #147

    Jeg spør ofte meg selv HVORFOR Microsoft på død og liv skal sette sine egne “standarder”. Kanskje fordi de har et ønske om å ta over verden, kanskje fordi de tror de gjør noe bra, eller kanskje fordi de rett og slett er stokk dumme. Jeg må ofte ta en del ultimate beslutninger - skal jeg bruke en kodesnutt som vises perfekt i IE, men ser helt whack ut i alle andre browsere, eller en som kanskje blir helt feil i IE men funker i standardiserte browsere? Og til syvende og sist er det den siste som vinner. Standardiserte browsere er mer og mer på vei inn på markedet. Det er ikke mange årene siden IE hadde godt over 90 prosent av internettbrukerne. Nå er de nede i nærmere 70 mens det er Firefox som begynner å ta over, hvorav sistnevnte er min favoritt. Gå FF sier nå jeg!

  5. Marius Akerbæk Gravatar 31.12.99 @ 00:00 Kommentar-ID: #148

    Jeg vil kun legge til en liten notis da jeg fikk et spørsmål fra en kollega; Internet Explorer blir også brukt på Mac, men alle de samme problemene er gjeldene der. Det er softwaren i IE som er problemet, ikke OS’et den befinner seg på. Refererte ham videre til denne artikkelen, et godt og velskrevet stykke, Arve, lett forståelig for andre som ikke helt vil innse hvorfor IE bør forkastes. :)

  6. Arve Systad Gravatar 31.12.99 @ 00:00 Kommentar-ID: #151

    Er fleire enn du trur som gir blaffen i hN-elementa, og heller bruker div.

    Uansett, kva var det du ikkje forstod med det du siterte meg i over?

  7. Øyvind Andreas Eide Gravatar 31.12.99 @ 00:00 Kommentar-ID: #149

    Flott artikkel! men det med reklamen i Opera kom kanskje litt feil fram…du ser den jo knapt :P

  8. Jørgen Arnor Gårdsø Lom Gravatar 06.07.05 @ 13:38 Kommentar-ID: #268

    Jeg har personlig sett meg lei av IE nå… Jeg har faktisk satt opp en ban på IE-brukere… Når en IE-bruker forsøker å entre JorgenArnor.com blir vedkommende møtt med en melding om å skaffe seg Firefox…

    Selvfølgelig er banning av IE bare midlertidig, men jeg vil allikevel gjøre et poeng av det. Det er noe med det, at når Microsoft skal være markedsledende, så må det være av andre årsaker enn skitne forretningstriks.

    Les mer om IE-banningen min her.

  9. Jørgen Arnor Gårdsø Lom Gravatar 16.09.05 @ 14:29 Kommentar-ID: #462

    OK, som jeg sa, var banning av IE-brukere midlertidig…

    Men på samme måte som at Shaun Inman ikke har tilpasset Mint til IE, og priset pakken til $30 - slik at kun den målgruppen som virkelig ønsker Mint, tar seg bryet med å kjøpe produktet (sånne som meg) har IE-banningen min resultert i at IE kun står for litt over 3% av besøkene på JorgenArnor.com… En god ting…

    La det også være sagt at v4 av JorgenArnor.com vises nest-best på IE (etter Opera)… Mao. cross-browser compatability… ;)

  10. vegard Gravatar 10.10.05 @ 00:13 Kommentar-ID: #558

    no e opera gratis uten reklame oxo da…

    tihi… http://www.opera.no!

  11. Anders Moen Gravatar 04.07.07 @ 21:58 Kommentar-ID: #7322

    Der er ein gratis versjon med reklame i

    Hæ? Reklame i Opera nettleseren? Hvor..? Hva slags..? Skjønner ikke