herlig.net

- ein blog om alt og ingenting. Mest ingenting.

 

The Zen of CSS Design

Ei flott bok for litt vidarekomne i webdesign og webstandardar. Kanskje ei fagbok, kanskje skjønnlitteratur, eller kanskje begge deler? Ikkje heilt ei bok som er meint å lære deg fryktelig masse, men for å opne auga dine for litt «djupare» ting.

Dette er ei finfin bok, og etter å ha lest den sit eg igjen med eit lass av inspirasjon og lyst til å drive med webdesign. Boka tar for seg ei rekke forskjellige innsendte bidrag til CSS Zen Garden, og forklarar i detalj mykje av det skaparane har tenkt på mens dei laga den grafiske utforminga. Boka er delt inn i sju forskjellige kapittel, der seks av dei tar for seg seks bidrag til «hagen».

Framsida på boka Framsida på boka, same stil som Tranqille - orginallayouten til «Hagen».

Ukjent kunnskap?

Boka fortel om ting eg (og sansynligvis fleire) veit frå før. Den fortel også eit par småting eg ikkje kunne frå før, men likevel følast det som ein lærer mykje av det ein allerede veit på nytt. Boka tar for seg ein heil del emne du eigentleg kjenner godt til, men den går også eit steg lengre: Den drar deg ned i det underbevisste ved forskjellige teknikkar, kombinasjonar av forskjellige ting osv. Interessant lesing, og eg har funne ut akkurat kvifor folk oppfattar forskjellige ting på websider som nyttig eller estetisk.

Frå The Zen of CSS Design :
We all know that head and body text and links simply don’t exist underground.

Som eg allereie har sagt til ein del av dei som har spurt meg om kva boka inneheld: Det er ikkje ei direkte lærebok, ei heller veldig skjønnlitterært. Det blir ein slags mellomting, dog litt meir sakprosa enn skjønnlitteratur. Ein vil med stor sansynligheit få ingenting/lite ut av boka om ein er heilt fersk på webdesign - som forfattarane seier sjølv så er boka for «Intermediate to advanced designers» - altså for vidarekomne til aånserte designerar.

Grafisk layout og lesbarhet

Når ein kjøper ei bok som omhandlar webdesign, skrive av Dave Shea og Molly E. Holzschlag forventar ein sjølvsagt ein fin grafisk layout og fin typografi. Ein får det sjølvsagt også. Boka har ein behageleg bruk av tekst miksa med overskrifter og illustrasjonar. Kvart kapittel har fått sin eigen farge, noko som er med på å skape litt variasjon. Generelt sett så er boka svært lettlest og logisk satt opp. Illustrasjonar er flytta ut til margane på kvar side medan teksten berre henviser til dei forskjellige illustrasjonane. Dette gjer at det blir ein fin samanheng i boka. Og ein ting til for dei av dykk som er typiske «wannabes»: Times new roman er ein fin skrifttype på trykk, så ikkje klag på det.

Bilete av boka
Bilete av boka

Språk

Ein klarar vanlegvis ikkje skrive ei bok på over 250 sider utan ein einaste skrivefeil eller dum formulering. Eg har faktisk ikkje funne nokre skrivefeil, men har irritert meg over ein ting eg hadde forventa dei gjorde betre: Dei omtalar div-elementet som «the div-tag». Når ein skriv ei bok for vidarekomne, og sjølv er på eit tilnærma toppnivå så er dette ei lita flause, synest eg iallefall. Bortsett frå det er ikkje språket av stive og den formelle typen, det er litt meir av den lettlest og munnleg. Godt er det.

Verdt pengane!

Bestilte boka tre dagar etter at den vart tilgjengelig på amazon.com, og fekk den etter om lag tre veker. Betalte til saman ein del under 300kr for boka, og må påstå at dei pengane var absolutt verdt det. Om du er interessert i webdesign, og er forbi nybyrjarstadiet vil eg anbefale denne boka på det varmaste. Gjer som eg gjorde, kjøp den her.

 

Legg igjen ein kommentar

Kommentarskjema
 
 
 

Felt merka med * er påkrevde.

HTML: Du kan formatere innlegget ditt med desse elementa (hugs å lukke dei): <a href="" > <abbr title=""> <acronym title=""> <blockquote cite=""> <code> <em> <strong>

Prøv å skriv så korrekt som mogleg, unngå pisspreik og utsagn som kan virke krenkande mot andre. Hugs på at eg har filter som held att kommentarar for kontroll og eventuell sletting om dei inneheld typiske "spam-bot-ord".

Stikk til Gravatar.com om du òg vil ha eit sånt fint lite bilete atmed kommentarane dine, i staden for det stygge rosa trynet.

Kommentarar (Totalt 3 av dei så langt)

  1. Bjørn Olav Gravatar 31.12.99 @ 00:00 Kommentar-ID: #139

    Hørest ut som en spennede bok, har faktisk tenkt på å kjøpe den en stund men er ikke sikker på om den passer så godt for meg siden du sier den er for viderekommne. Hehe

  2. Hein Tore Gravatar 03.06.05 @ 18:43 Kommentar-ID: #184

    Har selv bestilt boka fra mao.no. Er rimelig sikker på at den vil falle i smak - den virker veldig, veldig fin.

  3. Bjørn Gravatar 18.02.07 @ 20:41 Kommentar-ID: #3432

    Yepp, dette er absolutt en bok verdt å lese. Jeg har alltid vært imponert over hvor ulike de forskjellige designene på CSS garden er.