herlig.net
- ein blog om alt og ingenting. Mest ingenting.
The Gathering 2005
TG 05 - The Gathering 2005. Eit av verdas største LAN-parties. Vikingskipet på Hamar. Meir enn 5000 personar. Masse stygg musikk. Ein opplevelse verdt å ha med seg i livet - supersosialt, mykje moro heile tida og aldri kjedelig.
Bestilte billettar for eit par månadar sida, det var eit helvete å komme igjennom bestillingssystemet - det gikk nok med nokre timar til det, men det var verdt det. The Gathering er igrunn ein slags legende, fram til i år har det vert verdas største LAN-party. No har svenske Dreamhack tatt over. Nok om det.
Førsteinntrykk
Når vi først fram til Vikingskipet er der vanvittige mengder folk, utstyr og bilar overalt. Alle vil inn fortast mogleg, og det er på ingen måte nok parkeringsplassar. Litt kaotisk, selfølgelig, men det virka igrunn som det meste gikk meir eller mindre kontrollert. Vi sette frå oss utstyret på parkeringsplassen, og gikk opp til skipet for å få registrert oss og få påsatt eit armband som viste at vi har lov å gå inn og ut av hallen. Deretter var det tilbake til utstyret, og tid for å bære det inn. Etter ei lita stund var alt oppe og fungerte finfint - bortsett frå nettverket, selfølgelig. Heile opplegget virka veldig forseggjort og proffesjonellt frå starten av.
Stor hall, store problem
Nettverket hadde litt problem det første døgnet. Folk kom stadig inn i hallen og kopla seg på, og når omtrent alle hadde komt, var der grovt rekna 5500 personar som satt og venta på nettverk. Uansett kor dyktig ein er seier det seg sjøl at det tar tid å få opp eit så stort nettverk. Om eg ikkje tar veldig feil var der til saman 560 switchar som skulle sammarbeide om å styre dette digre nettverket. Kort summert så hadde vi ikkje Internett oppe og gå meir eller mindre stabilt før klokka var omtrent to første natta. Kvelden etterpå vart det gjort forandringar som gav oss eit raskare og meir stabilt nettverk.
Opplevelsen sjølv
Det å ha deltatt på The Gathering 2005 var vanvittig moro. Det var heile tida noko å gjere på, enten det var å ete, sjå på filmar/seriar på PCen, gå på seminar av forskjellig sort, snakke med folk, spele, surre rundt i hallen og denslags. Klokka 22:00 første kvelden vart lyset skrudd av, og den ekte TG-følelsen kom fram.
Det foregikk mykje på TG. Det var fleire konkurransar både i spel og i det å lage musikk, grafikk og demoar. Det var ein del sceneshow med variert underholdningsgrad, og der var selfølgelig «fritid» der folk gjorde akkurat det som passa dei aller best der og då. Om det er noko eg kunne ha forandra på TG måtte det vert den fæle musikken som alle spelte. Veldig mange hadde med seg ganske store anlegg, og alle med slike anlegg spelte techno i eit kjør - dei som veit kva mitt syn på denslags musikk er veit at eg vart frustrert av dette.
Alle kjønn og alderar var representert. Der var faktisk vesentleg fleire jenter enn eg først hadde trudd - om det er positivt eller ikkje får vere opp til kvar enkelt, men sjølv har eg ingenting i mot det. Gjennomsnittleg alder var vel rundt 18-19 år kan eg tenke meg, men der var folk heilt frå 12-årsalderen til meir voksne folk som sikkert var oppi 40. Altså eit vidt spekter av folk.
Må ein vere ein slik typisk datanerd for å reise på TG? Nei. Her fant ein alle slags folk. Sjølvsagt er det ein del av nerdane, men like mange heilt ordinære folk. Faktisk så trur eg at veldig mange hadde hatt det moro der dersom dei først havna der. Det var liksom alltid noko å gjere på, og masse folk å prate med om ein ville det. Dessutan fekk ein jo moglegheiten til å snakke ansikt til ansikt med folk ein tidlegare kun har snakka med gjennom chattetjenester og/eller webforum - det er jo litt stilig også.
Sosialt!
Mange påstår av ein eller annan grunn at det er lite sosialt å reise på LAN. Kan dei bygge opp under svara sine? Neppe. Det å reise på LAN - og då spesielt eit så stort eit - er minst like sosialt som å reise på fest ein kveld eller å vere med venner på vanleg måte. Du møter masse nye folk og har det moro i lag med dei. Korleis noko kan bli asosialt når ein samlar fem og eit halvt tusen menneske med omtrentlig same interesse i same rom har eg vanskelig for å forstå.
Soving
Søvn er nødvendig, også på eit slikt arrangement, spesielt med tanke på at det varte i fem heile dagar. Soving foregjekk i gangane rundt hallen og på tribunene, samt eit telt ute. Der er sjølvsagt ikkje plass til at over fem tusen skal ligge rundtom slik, så det å finne plass til soving var ei utfordring dersom du gikk til sengs/soveposes litt seinare enn «hovedstraumen» av folk. Arrangørane ville selfølgelig at alle skulle sove tilstrekkeleg, for å unngå at folk blei dårlege - men likevel spelte dei musikk midt på natta. Så høgt at du høyrde det klart og tydeleg uansett kvar i hallen du var. Dette var eit lite minus. Ikkje berre er musikken stygg, men dei kunne iallefall ha dempa den om natta når flesteparten søv.
Etterord
Eg har blitt ein opplevelse rikare - eg har deltatt på eit av verdas største «dataparty». Det var vanvittig moro, og eg har så absolutt tenkt meg tilbake til neste år dersom eg kan det. Det kosta litt pengar med all busskøyring, billettar, mat osv, men det var verdt det. Omtrentlig to tusen kroner gjekk med til heile greia for min del, alt inkludert - fortsatt - verdt det.
Relaterte lenker
Om du skulle få lyst å sjå fleire av bilda eg tok her, finn du ei lenke til dei under, i lag med andre relevante lenker.
Legg igjen ein kommentar
Kommentarar (Totalt 6 av dei så langt)
-
Metal-rekke? Hoho, gjett kem som skal sitte på den på TG06 da :D
Den må i så fall bli et stykke bak i hallen, med tanke på at sceneanlegget dominerer ganske grundig lenger framme.
-
Hehe, ja det kan vere en god ide å sitte lang bake ;D
-
Ja TG 05 var artig det! Jeg var tideleg ute og skaffet meg hotellrom så jeg fikk sove i en god seng. Men til neste år tror jeg faktisk ikke jeg kommer til å gjøre dette for det var egentlig litt dyrt når jeg bare kunne sovet i hallen en plass, tror egentlig ikke det var så gale å sove der.
SÃ¥ var det musikken ja! Den var grusom så jeg tror vi to har omtrent det samme synet på den saken. Det verste var når de spilte så høyt fremme med scenen at jeg kjente buksen min dirre! Huff og huff. Neste år er det snakk om en metal rekke og jeg tror jeg vil sitte der om det blir noe av =)
Jeg likte ihvertfall TG 05 kjempegodt og kommer nok til å være der flere år fremover =)
-
Ja TG05 var skikkelig rått! Blir nok et par år med TG fremover.. men jeg sov i hallen, neste år skal jeg med >REISESENG
-
Hei.
Jeg har ikke vært på TG før, så jeg lurte på om du hadde noen tips og/eller litt informasjon til meg.Sindre Strande
-
Utrolig bra!
Jeg fikk Veldig lyst på å stikke dit i år, Men venter et år og kansje to.
Syns du skriver veldig bra.


