herlig.net

- ein blog om alt og ingenting. Mest ingenting.

 

Følg W3C!

Alt for mange webdesignfirma i dag kan kunsten å levere møkk til kundane sine svært godt. Dei reklamerer med det å kunne lage flotte, funksjonelle sider og fin grafikk - ingen av dei nevner det å følge standarder.

For å starte enkelt, så skal eg for dei av dykk som ikkje har peiling forklare kva webstandardar er og går ut på.

Webstandardar - eller standardar generelt - er der oftast for at ting skal bli mulig å holde på med på tvers av språk, ulike teknikkar, plassering, sikkerheit osv. Du har standardar som styrer vegtrafikk, elektriske kretsar i huset ditt, sikkerhetstiltak i forskjellige samanhengar, standardar på noko så enkelt som ulike verktøystorleikar. Og på Internet, sjølvsagt. Standardane på Internet som eg skal snakke om no er dei standardane som ligg bak HTML, og bruken av det. Standardane vart laga for ei tid tilbake av W3C, rett og slett for at alle skulle kunne ha eit likt utnytte av å surfe på Internet. Folk med funksjonshemmingar eller utdaterte nettlesarar skulle kunne lese Internet utan problem. Desse standardane blir stadig oppdaterte slik at folk som utvikler sider heile tida skal ha ein ting å forholde seg til.

Til saken…

Problemet i dag er at fleire webdesignfirma gir blaffen i desse standardane. Dei reklamerer med så mangt, men dei følgjer ikkje standardane. Dei skriv utdatert og grusom kode, som igrunn ser ut som ein fjortenåring med eit dårlig WYSIWYG-program kunne ha laga. Likevel kjem det ofte ein del fin grafikk og fine layoutidèar frå slike firma, så det er igrunn synd at dei ikkje er i stand til å skrive fin kode som gjer at sidene som ein heilhet kan nå opp på eit akseptabelt nivå.

Det som er surt, er at det ikkje eingong er eit fungerande markedstriks å reklamere med at «eg skriv sider som følgjer dei nyaste standardane». Stort sett alle som kjøper sider av slike firma veit ikkje at dei blir lurt når dei på sidene sine rosar seg sjølv opp i skyene angåande funksjonalitet og brukarvennligheit.

Under her har eg lista opp eit par slike firma som driv med utspekulert idioti, rett og slett for å henge dei litt ut. Hadde jo vert koselig om folk som faktisk jobber i eit av dei les dette også.

…og dette er berre nokre få av svært mange norske firma som driv med tåpelig juks. Om du som les dette nokon gong i framtida får behov for å få laga ei webside til deg, høyr iallefall med dei om dei er obs på standardar, tilgjengelegheit og semantikk på web. Om ikkje, gå ein annan plass.

Relatert stoff

 

Legg igjen ein kommentar

Kommentarskjema
 
 
 

Felt merka med * er påkrevde.

HTML: Du kan formatere innlegget ditt med desse elementa (hugs å lukke dei): <a href="" > <abbr title=""> <acronym title=""> <blockquote cite=""> <code> <em> <strong>

Prøv å skriv så korrekt som mogleg, unngå pisspreik og utsagn som kan virke krenkande mot andre. Hugs på at eg har filter som held att kommentarar for kontroll og eventuell sletting om dei inneheld typiske "spam-bot-ord".

Stikk til Gravatar.com om du òg vil ha eit sånt fint lite bilete atmed kommentarane dine, i staden for det stygge rosa trynet.

Kommentarar (Totalt 8 av dei så langt)

  1. Kim Andrè Silkebækken Gravatar 31.12.99 @ 00:00 Kommentar-ID: #122

    Uff, dette er en ting som gjør meg frustrert til tider. Bare tanken på at sleipe, inkompetente webdesignere tar jobbene fra iallefall litt mer kompetente designere som oss er uutholdelig. Tenk hvor langt fram i tid webben hadde vært dersom alle fulgte standardene.

    Sukk.

  2. Arve Systad Gravatar 31.12.99 @ 00:00 Kommentar-ID: #129

    Erik:
    Takk for tipset, lurer på korfor det ikkje alltid har vert sånn - men no er det iallefall fiksa :)

  3. Arve Systad Gravatar 31.12.99 @ 00:00 Kommentar-ID: #126

    Sidene til firmaa sjøl validerer ikkje, og ingenting i porteføljen består av andre ting enn font-elementer og tabellsuppe. Veldig, veldig, veldig få ordentlige firma (i Norge iallefall) skriv fin HTML, desverre.

  4. Alexander Ludvig Holm Gravatar 31.12.99 @ 00:00 Kommentar-ID: #121

    Har ikke satt meg noe spesielt inn i de firmaene du linker til. Er det slik at sidene dems ikke validerer eller har kode som er semantisk korrekt? Eller gjelder det også porteøljen dems?

    Men leit at “proffe” byråer ikke er sÃ¥pass oppegående. Jeg ser ikke på meg som noen proff, men litt komisk om proffe sliter med å følge standard når en hobbyHTML’er som meg kanskje gjør en bedre jobb :D

  5. Gather Gravatar 31.12.99 @ 00:00 Kommentar-ID: #125

    http://www.kirkeneswebdesign.no

    de lager sider i frontpage … det sier nok om dem..

  6. Erik Gravatar 31.12.99 @ 00:00 Kommentar-ID: #128

    Obs! Legg merke til at du bruker æ,ø,å i meta name=”description”… i denne artikkelen, med encoding UTF-8. Jeg ser at du har brukt et filter for å erstatte all æøå med æ ø og å, og anbefaler at du gjør det samme der. :)

  7. Jon Erik Andersen Gravatar 31.12.99 @ 00:00 Kommentar-ID: #133

    Hehe, ja, da er vist vi en av få :) Desverre er vi nystarta og har ikke laget mange sidene, men kan jo ta en titt.. Vårt motto blant designere er “halve siden ligger i kodinga” :D

    plaindesign

  8. Tor Bollingmo Gravatar 31.12.99 @ 00:00 Kommentar-ID: #127

    Kanskje på tide at noen starter å gjøre det da? Unrealized webdesign A/S ;-)