herlig.net
- ein blog om alt og ingenting. Mest ingenting.
Reklame på Internet
Reklame på nett er plagsomt, det trur eg vi alle er ganske enige i. Dette gjeld riktignok ikkje all reklame, men ein stor majoritet av den. Kva med at dei som lagar denne reklamen tar til seg og forstår kor plagsomme dei er?
Ønsketenking?
…Ikkje at eg har forventa det av dei. Dei som lagar denne reklamen må jo nødvendigvis vere opplærte i det å bli mislikt. Merk deg då igjen at eg snakkar ikkje om all reklame du finn på dette enorme nettverket, men ein veldig stor andel. Tenk deg eit plagsomme-reklamar-fritt Internet!
Tanken bak reklamen er jo som reklame ellers - folk skal sjå den, og bli svært frista til å gå litt vidare, for eksempel ved å trykke på reklamebanneren. Dette gjer eg faktisk ein gong i blant sjøl, om der faktisk er fine tilbud, eller at det iallefall er interessant det som er der. Likevel har eg av og til lyst å ringe sidene som har reklamen og be dei fjerne det - og nei, eg er ikkje ein høflig person når eg argumenterer mot ting eg hatar.
Til det ekstreme
En ting er at nokre bedrifter treng reklame for å skaffe dei kundemassane dei må ha for å overleve - men ein annan ting er at dei skal dekke halve skjermen din med dei. Nei, eg overdriv ikkje - betre forklart lengre nede. Og når dei først dekker halve skjermen din, så skal dei i tillegg blinke i alle dei mest upassande og oppmerksomhetsstjelande fargane, og helst lage masse lyd.
Og - dei som lagar all denne reklamen, kva er det egentlig dei prøvar på? Dei veit forhåpentligvis veldig godt sjøl kor plagsom slik reklame er, og med stor sansynligheit irriterar dei seg sjølv over den ein gong i blant. Vil du sjå på ei bedrift som kun skapar irritasjon med reklamen sin som ei god bedrift som fortjenar å bli handla hos?
Fins det ei grense for kor irriterande reklame kan bli, og kor mykje vekt som kan bli lagt på den? Eg tvilar veldig sterkt.
Nesten 50%!
Eg tenkte meg om for å finne eit prakteksempel på ei side med mykje reklame på. «Nettavisen.no har masse reklame» tenkte eg, og var fort på vei dit for å undersøke litt nærmare. Eg sit i skrivande stund med ein gammal 17″ skjerm, og brukar oppløysinga på 1024*768 pixlar. Eg opna Photoshop, teikna opp eit par guide-linjer, og satte i gang å måle. Med mine instillingar (verktøylinjer o.l.) i Opera - som er min favorittnettlesar - hadde eg ein total «Viewport» (sjølve innhaldsfeltet i nettlesaren) på 1002px*560px - som gir eit areal på 561120px2.
Deretter var det berre å måle det som var av reklame: eit samla areal på 263941px2. Då står eg igjen med eit enkelt reknestykke: 263941/561120 = 0,47 = 47%! Førtisju prosent av min viewport var dekka av reklame! Merk deg at dette var før eg begynte å scrolle nedover på sida, og at lengre nede ville eg nok faktisk ha enda opp på oppimot 80%. Ikkje at det gjer saken bedre, men det seier litt om kor mykje vekt dei legg på reklamen sin. Riktignok hadde eg ikkje verdas største oppløysing, men den representerer antakeligvis eit omtrentlig gjennomsnitt av «mannen i gata» som brukar Internet.
Personlig tankegang
Som du kanskje allerede har oppfatta så meiner eg at reklame av den plagsome sorten burde forkastast og brenne på ein fæl plass. Har dei som lagar reklamen glede av å plage uskyldige menneske som berre er ute etter litt informasjon? Ein draumesituasjon var jo at dei som lagar plagsom reklame hadde lest dette - og tatt til seg det at dei forhåpentligvis får ein lang og smertefull død.
Legg igjen ein kommentar
Kommentarar (Totalt 4 av dei så langt)
-
Reklame = gratis tjenester på nettet
Reklame = masse penger til oss i grafisk bransje og reklamebransjen
Uten reklame hadde mye vært borte vekk… face it ;)
-
Ja reklame er noe dritt. Har heldigvis sånn greie fra Norton som sperer al slik reklame men nettsiden ser jo helt voldtatt ut etterpå. Er enig med deg db.no er den beste nettavisa. Vg boikotter jeg helt.
-
Pål:
Er klar over at reklame er nødvendig og alt det der, men det er ikkje det det er snakk om. Det er snakk om at reklamen ikkje burde vere så vanvittig dominerande på ei internettside. En del av den reklamen der gjør ikkje nytten sin engang, men blir oppfatta som kun irriterande av en stor majoritet som besøker sidene. -
OT:hvordan har det seg at flere av inleggene på denne sia er datert til 1999? Tviler strekt på at denne artikkelen ble skrevet i 99 siden et av tilbudene gikk ut 05.01.2005.
bare lurer…
