herlig.net

- ein blog om alt og ingenting. Mest ingenting.

 

God jul!

Jula er her, og i dag er/var den store dagen - 24. desember, dagen då Jesus liksom blei født for over tusen år sida.

Jula er ei fin tid, ferie fra skulen, god mat, litt gaver og litt meir. Her er også negative ting med jula, som julesangar og pynte-ting som av og til ser berre stygt ut, men det får eg heller leve med. No skal eg nyte det som er verdt å nyte i jula!

Oppskrift på julafta

Tidlig på dagen skjer det ikkje stort. Sov (eller i det minste låg i senga mi) til klokka var godt og vel to. Deretter stod eg opp, surra litt rundt som eg pleier når eg står seint opp - og etter ca en time åt eg frukost. Deretter var det berre å henge i vei ved PCen i en time eller to, før det var tid for julegrøt - tradisjonsrikt, hæ? Deretter var det enda et par timer med generell eksistens og kjedsomhet, før julekvelden kom på årntli.

Pinnekjøtt!

Julemiddagen - dagens høgdepunkt. Pinnekjøtt, selfølgelig. Ikkje kom med svineribbe til meg på julafta, då blir eg sur. Svineribbe smaker så..svin..så standard liksom, det er liksom ingenting spesielt med det. Pinnekjøtt derimot - med tilbehør selfølgelig - er deilig. Blir ofte både to og tre måltider med slik middag på meg i løpet av en heil julekveld/julenatt.

Tid for gavar!

Langt hår, eg?
Har eg virkelig så langt hår? Er jo faktisk fleire som “klager” på det..Får vel klippe meg snart då.

Dette var høgdepunktet på dagen for nokre år sida, men heldigvis er eg over det stadiet. Det har vel blitt færre og færre presangar under treet til meg i løpet av åra, og det gjer meg igrunn ikkje så veldig masse, har det igrunn fint som det er. Fikk litt penger, en genser, ei t-skjorte, «Veien til førerkortet», ei Maglite lommelykt og eit par boxarar. Rart nok så fikk eg ingen sjampo/deodorant-sett eller sokkar i år! Iallefall var dette det eg fekk i grove trekk. Ein gave til var der - som egentlig var den morsomste av dei alle. Fra mine gode venner Trine og Ingri fikk eg en betalt frisørtime. Måtte nesten glise litt når eg såg det. Og dei er vel strengt tatt ikkje dei første som hintar om at eg har litt for langt hår…No gjenstår det kun ein presang - frå meg, til meg. Dette blir ein presang eg ikkje får før butikkane får den på lager, ein ny skjerm. NEC 1770 NX, faktisk. Det blir godt.

Endelig ferdig

…med alt julestresset for i år. Godt er det, at det er jul kun en gang i året. Og no er alt over. Deilig. No er det berre ferie igjen, og så er det nyttårsafta - då får eg vel sleppe meg litt laus - deretter er det to (eller tre?) dagar til med ferie, og så er det tilbake på skulen igjen. Æsj. Vil til slutt her ønske alle ei god jul, og et godt nytt år!

 

Legg igjen ein kommentar

Kommentarskjema
 
 
 

Felt merka med * er påkrevde.

HTML: Du kan formatere innlegget ditt med desse elementa (hugs å lukke dei): <a href="" > <abbr title=""> <acronym title=""> <blockquote cite=""> <code> <em> <strong>

Prøv å skriv så korrekt som mogleg, unngå pisspreik og utsagn som kan virke krenkande mot andre. Hugs på at eg har filter som held att kommentarar for kontroll og eventuell sletting om dei inneheld typiske "spam-bot-ord".

Stikk til Gravatar.com om du òg vil ha eit sånt fint lite bilete atmed kommentarane dine, i staden for det stygge rosa trynet.

Kommentarar (Totalt 6 av dei så langt)

  1. Daniel Gravatar 31.12.99 @ 00:00 Kommentar-ID: #64

    Langt hår gir damer latterkrampe.

    *Fnis*

  2. Simon Zimmermann Gravatar 31.12.99 @ 00:00 Kommentar-ID: #62

    Langt hår drar damer. Bruk pengene på røyk i stedet.

  3. Geir Klingsheim Gravatar 31.12.99 @ 00:00 Kommentar-ID: #61

    Hot tip of julaften: Ikke klipp deg! Langt hår = win.

    God jul til deg også! :)

  4. Tor Bollingmo Gravatar 31.12.99 @ 00:00 Kommentar-ID: #63

    Enig, langt hår drar damer ;)

  5. Mads Opheim Gravatar 31.12.99 @ 00:00 Kommentar-ID: #93

    Langt hår er kult. Ikke klipp deg, Arve!

  6. sofie Gravatar 05.12.07 @ 14:43 Kommentar-ID: #13198

    det er fint at dykk feirer jul! du er ein fin gutt:)( ikkje bry deg om dei andre som kjem med dorlege kommentarar) god jul og got nytt år

    sofie