herlig.net

- ein blog om alt og ingenting. Mest ingenting.

 

Litt nostalgi: TCS

Opp igjennom mitt herlige liv har eg og en del andre fleire ganger laga små filmar i forskjellige samanhengar - med variert kvalitet i den lavare delen av skalaen. I går fant eg manus og diverse frå den første filmen vi laga: «TCS»

«TCS» - This Channel Sucks. Det var den første filmen vi laga. Faktisk så langt tilbake som til femteklasse på barneskulen trur eg. Var litt morro å finne igjenn litt manuskript og kostymer, såklart.

Første sida i manuset
Første sida i vårt flotte manus. Fint, hæ?

TV-kanal

Konseptet bak filmen var å lage en TV-kanal med forskjellige program. Selfølgelig, med vår litt begrensa kunnskap, alder, intelligens og tilgang til utstyr, så måtte jo ting berre bli veldig bra. Blant programma vi hadde lagt opp til å ha med var det både Nyheiter, værmelding, sportssending, «Vil du bli ruinert?» og sikkert også meir. Er derimot usikker på om vi hadde med alt, har desverre ikkje filmen i noke format lengre, og det er jo litt surt.

Side to og tre i manuset
Her er side to og tre. Bra, eller?

Planlegging måtte til, og det eg husker var at nyhetsstudioet var heilt vanvittig rått. I huset mitt, der skulle det rivast en vegg - derfor fikk vi fri tilgang til å tegne på veggane med tusjer, blyanter og ka det no måtte være. Vi hadde selfølgelig utnytta dette, og nyheitsstudioet var eit bord med ein blå duk på - ein PC-skjerm, og på veggen bak stod der «TCS» med store bokstavar. Dødskult, tenkte vi. Men vi ville jo, små som vi var, tegne masse på veggane - det er jo så gøy! Det vi gjorde, var rett og slett å sette kameraet på eit stativ - og berekna nøyaktig kor stor del av veggen som ville komme med på biletet. Deretter teikna vi ein strek rundt det området, og sa at innafor der skulle det vere blankt. Så - resultatet var at alle veggane i rommet (som no er en del av mitt søte rom) var stapp fulle av tegningar, skriverier og diverse andre estetiske krusedullar.

Bilde av prestekostymet vårt
Et prestekostyme, skulle brukast under «Jesus kjem til jorda» - eller noko slikt. Laga det i tekstilen, og det er konge. Får det såvidt på meg i dag også - det er verre å få det av.

Vi hadde sabla masse morro med denne filmen, og den starta jo eigentleg ei karriere for oss - etter denne har vi vel laga iallefall to eller tre filmer til. Kvaliteten har vel alltid vert på bunn, sånn på det reint tekniske - men det har jo vert gøy! Og herregud så gøy det er å sjå filmane i ettertid! Synd eg ikkje har denne lenger. Eg trur kassetten (VHS, ja) eksisterer endå - og om eg får tak i den på eit vis, skal eg gjere eit forsøk på å digitalisere den og legge den ut.

…dei store tabbane undervegs

Det som var litt morosamt, når vi hadde såpass begrensa utstyr og erfaring - var at når vi skulle redigere filmen, så satt vi en gjeng med kamera, TV og ei videomaskin og skulle ta opp, spole att og fram, stoppe og ta opp igjen. Dødsbra. Det gikk jo forsåvidt greit nok, mesteparten - men altså - vi presterte jo faktisk å få med fire-fem minutter Hotel Cæsar, av alle ting. Rett og slett fordi vi var vel omtrent 10 år gamle?

 

Legg igjen ein kommentar

Kommentarskjema
 
 
 

Felt merka med * er påkrevde.

HTML: Du kan formatere innlegget ditt med desse elementa (hugs å lukke dei): <a href="" > <abbr title=""> <acronym title=""> <blockquote cite=""> <code> <em> <strong>

Prøv å skriv så korrekt som mogleg, unngå pisspreik og utsagn som kan virke krenkande mot andre. Hugs på at eg har filter som held att kommentarar for kontroll og eventuell sletting om dei inneheld typiske "spam-bot-ord".

Stikk til Gravatar.com om du òg vil ha eit sånt fint lite bilete atmed kommentarane dine, i staden for det stygge rosa trynet.

Kommentarar (Totalt 8 av dei så langt)

  1. Andreas Gravatar 31.12.99 @ 00:00 Kommentar-ID: #34

    Konge film! finst filmen lenger?

  2. Kong Myrkjartan Gravatar 31.12.99 @ 00:00 Kommentar-ID: #72

    Er ikkje sikkert noken kjem til å lese dette, men ein god nyhet for alle som har lyst å sjå denne filmen, er at den er i min varetekt.

    Eg fant ein kasett oppe i eit skap i jula eller før jul som innehaldt råmaterialet til filmen. Riktignok særs mykje dårleg, sida ingen andre enn dei som har vore med på filmen lo av den.

    Det einaste eg trenger er en overgang fra video8-kamera til digitalt format, noko eg kanskje kan få tak i. Det vil tida vise.

  3. Kjartan Gravatar 31.12.99 @ 00:00 Kommentar-ID: #27

    Hugsa det der ja, kongefilm. Den som har den, ta kontakt, veit den ligger i et hus ein plass i Slåttebakkane.

  4. Arve Systad Gravatar 31.12.99 @ 00:00 Kommentar-ID: #32

    Jada jada, Marvil. Sjå etter ka som faktisk står der;
    «Rett og slett fordi vi var vel _omtrent_ 10 år gamle?»

  5. Kim André Silkebækken Gravatar 31.12.99 @ 00:00 Kommentar-ID: #28

    Hehehe, høres morsomt ut. Husker at vi også skulle lage et TV-program en gang på barneskolen, men det ble aldri noe av. Klassen min var så utrolig slaskete på barneskolen!

    Morsomt lite innlegg i bloggen din. Måtte trekke på smilebåndet et par ganger, særlig likte jeg det med det firkantede området som dere ikke skulle tegne på. :D

  6. Marie "mannen" Havnen Gravatar 31.12.99 @ 00:00 Kommentar-ID: #29

    Dødsbra:D Hehe.. *vil sjå* wee!

  7. Marvil Gravatar 31.12.99 @ 00:00 Kommentar-ID: #33

    Pft. Ikke bortforklar deg, det kler deg ikke.

  8. Marvil Gravatar 31.12.99 @ 00:00 Kommentar-ID: #31

    Haha, nice.. Du må publisere filmen..

    Btw, siden Hotel Cæsar har gått siden 1998, så har jeg funnet ut at du var 11 år. Hah, busted!!