herlig.net

- ein blog om alt og ingenting. Mest ingenting.

 

Typografi vs Internet

Typografi stammar frå boktrykkarkunsten som oppstod for fleire hundre år sidan. Likevel er begrepet sentralt når vi skriv i media i desse dagar – også på Internet, som vi les med høgteknologiske apparat av forskjellig slag. Webdesign har likhetstrekk med oldtidas kunst!

Kva er typografi?

Typografi er læra om boktrykkarkunsten, men blir i praksis brukt om måten innhold blir satt opp på – i ei bok, ei avis, eit vekeblad – eller ei webside. God bruk av overskrifter, avsnitt, mellomrom og illustrasjonar fører til god typografi. Å finne balansen mellom der det blir for mykje av det gode, og for lite av det er eit sentralt element. God typografi gjer det lettare å lese innhaldet. Ordet stammar frå den gong boktrykkarkunsten var på eit tidleg stadie, og hadde akkurat like mykje å bety då som no.

Typografi på Internet

Typografi på Internet er viktig for at folk i det heile tatt skal ha lyst å sjå på sida di. Ikkje berre blir det lettare å få med seg innhaldet, men sida vil komme til å sjå finare ut med god typografi også. Eg har sjølv opplevd at eg finn ein veldig interessant tekst, som eg faktisk har gått så langt at eg limte inn i word og forandra font, la til litt mellomrom og diverse slikt, fordi teksten var forferdelig oppbygd i orginal stand. Eg kan nesten garantere at personen bak den sida har mista veldig mange besøkande nettopp på grunn av dette. Dårlig typografi fører altså til at fleire lukkar sida di utan å lese noko av innhaldet – altså tapte besøkarar. God typografi gir balanse og estetikk – og brukarvennligheit og fornøyde brukarar.

Korleis lage god typografi?

Som eg allerede har nevnt, så gjeld det å finne ein balanse i det du gjer. Passeleg skriftstørrelse, passeleg bruk av tomrom, fargar og overskrifter. Under har eg laga ei lita liste over eit par ting som kan vere kjekt å hugse på. Desse punkta gjeld spesielt for web-bruk, ikkje nødvendigvis på trykk.

Skrifttype og størrelse:
Du bør bruke ein skrifttype som er enkel å lese, og som gjerne samtidig passar inn i designet. Å bruke ein serif-font i eit typisk «high-tech» design blir litt feil, for eksempel. Skriftstørrelsen bør også vere stor nok til at den er behagelig å lese, men ikkje så stor at den ser stygg ut heller. Her gjeld det å finne ein balanse som passar til akkurat ditt bruk
Bruk av tomrom:
Teksten din bør ikkje vere trykt saman, men heller vere delt opp i avsnitt og overskrifter med litt tomrom mellom. Om det blir trykt for mykje i hop, blir det tungt å lese, og det estetiske i typografien din forsvinn. Derimot, blir det for masse, blir det dei samme negative sidene, men på ein annan måte. Også her er det om å gjere å finne ein balanse mellom for mykje/for lite tomrom.
Bruk av overskrifter:
Ein bør skilje forskjellige tema/undertema med overskrifter – sjølvsagt. Overskriftene bør lyse litt opp, slik at ein brukar fort ser at «aha – her kan eg lese om (emne)!», men dei bør ikkje ta for mykje oppmerksomheit heller. Større overskrifter til meir sentrale tema – mindre overskrifter til undertema. Igjen, balanse er eit begrep å ha i tankane her.
Bruk av fargar:
Bruk av fargar kan vere avgjerande i typografi på web. Kor kjedelig er ikkje svart tekst på kvit bakgrunn? Kontrast mellom bakgrunn og tekst er viktig – men ikkje for mykje heller. Svart på kvitt eller omvendt er for eksempel ein alt for sterk kontrast. Det blir rett og slett ubehagelig å lese i lengda. Det er ikkje mykje som skal til – mørk grå tekst på kvit bakgrunn er langt meir behagelig å lese. Ellers så kan ein for eksempel bruke fargar aktivt i overskrifter, utheva tekst eller tekst med andre «spesielle eigenskapar».

Tenk igjennom desse punkta før du formaterer innhaldet på sida di – sider med god typografi blir automatisk meir attraktive enn dei med dårlig typografi. Kun øvelse gjer deg til ein flink typograf!

Relaterte lenker

 

Legg igjen ein kommentar

Kommentarskjema
 
 
 

Felt merka med * er påkrevde.

HTML: Du kan formatere innlegget ditt med desse elementa (hugs å lukke dei): <a href="" > <abbr title=""> <acronym title=""> <blockquote cite=""> <code> <em> <strong>

Prøv å skriv så korrekt som mogleg, unngå pisspreik og utsagn som kan virke krenkande mot andre. Hugs på at eg har filter som held att kommentarar for kontroll og eventuell sletting om dei inneheld typiske "spam-bot-ord".

Stikk til Gravatar.com om du òg vil ha eit sånt fint lite bilete atmed kommentarane dine, i staden for det stygge rosa trynet.

Kommentarar (Totalt 2 av dei så langt)

  1. Mathias Gravatar 31.12.99 @ 00:00 Kommentar-ID: #23

    Grei artikkel dette. Viktig å ta opp,
    men du manglar eindel og bommar litt på kva typografi er…

  2. Kenneth Gravatar 31.12.99 @ 00:00 Kommentar-ID: #48

    Er det allmenn kunnskap å vite hva serif-fonter er?